Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. ForskingChevronRight
  5. Mikroskop – innstilling og brukChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Mikroskop – innstilling og bruk

Mikroskopering er nyttig og lærerikt i mange samanhengar. Mange opplever mikroskopstudia som svært inspirerande og får auka fagleg forståing. Ein viktig føresetnad for å få slike positive opplevingar er at ein kan bruke mikroskopet riktig.

Mikroskop med fire objektiv.

Framgangsmåte

  1. Tenn lyset.
  2. Drei revolveren slik at du får innstilt med minste forstørringa først (svakaste objektiv). Du skal høyre eit lite knepp når objektivet er på plass. Ikkje skyv på sjølve objektiva.
  3. Legg objektglaset med preparatet på objektbordet og fest det med klipsa.
  4. Skarpstilling: Start med objektbordet i lågaste stilling og lyft det forsiktig med makroskruen til du får eit tydeleg bilete. Finjuster til slutt med mikroskruen.
    Celletyper i blad av torvmose. Foto.
    Mikroskopbilete av torvmoseblad.
  5. Det er ikkje nødvendig å lukke det auget du ikkje bruker, sjølv om du berre har eitt okular. Dei fleste synest det er meir behageleg å ha begge auga opne samtidig.
  6. Forskyv preparatet på objektbordet til du får den viktigaste delen i sentrum. Når du skyver preparatet, blir biletet alltid forskyvd i motsett retning.
  7. Trening: Skriv bokstaven h på eit stykke papir og legg det inn under objektivet. Skyv det fram og tilbake mens du ser ned i okularet. Ikkje gi deg før du kan bevege det slik du vil.
  8. Viss blendaropninga er for lita, vil ytterkanten på biletet vere mørk. Juster blendaropninga slik at ho akkurat er stor nok til å gi jamt lys over heile biletflata ved lågaste forstørring. Sidan for stor blendaropning gir dårleg kontrast, kan det bli aktuelt å blende ned ved sterkare forstørring.
  9. Bilde av millimeterpapir sett gjennom mikroskopet.
    Synsfelt i mikroskop. Bruk millimeterpapir til å måle diameteren på synsfeltet for dei ulike linsene. Desse måla kan du bruke til å berekne storleiken på objektet som du studerer.
    Viss mikroskopet har kondensor som kan forskyvast, skal du setje han i låg stilling ved minste forstørring og heve han når du skiftar til større forstørring. Viss det oppstår ein svart ring langs kanten av synsfeltet, har du heva kondensoren for mykje. Prøv deg fram med justering av blendar og kondensor til du får maksimal kontrast ved stor forstørring.
  10. Når du arbeider med dei sterkaste objektiva, må du unngå å lyfte objektivbordet så mykje at dekkglaset blir pressa mot objektivet! Både objektivlinsa og preparatet kan bli øydelagde. For å unngå dette skarpstiller du alltid med lita forstørring først. Bruk deretter berre mikroskruen til å justere skarpleiken når du skiftar til sterkare objektiv.
  11. Objektiv 100 x krev bruk av immersjonsolje.
  12. Når du er ferdig med mikroskopet, må du
  • fjerne preparatet
  • tørke opp vassøl med filtrerpapir
  • fjerne eventuell immersjonsolje med eit spesielt reinsemiddel
  • stille inn med svakaste objektiv
  • plassere objektbordet i lågaste stilling
  • trekkje på støvhetta

Læringsressursar

Forsking

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter