Hopp til innhald

Oppgåver og aktivitetar

Forsøk: Mikroskop – innstilling og bruk

Mange opplever arbeid med mikroskop som svært inspirerande og får auka fagleg forståing. Ein viktig føresetnad for å få slike positive opplevingar er at du kan bruke mikroskopet riktig.
Mikroskop med fire objektiv. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Føremål

Du skal gjere deg kjend med korleis mikroskopet verkar, og finne ut kor stort areal du kan sjå ved ulike forstørringar.

Del 1. Bli kjend med mikroskopet

Bruk figuren under til å bli kjend med oppbygginga av mikroskopet du har på bordet framfor deg.

Del 2. Lære deg å bruke mikroskop

  1. Tenn lyset.
  2. Drei revolveren slik at du stiller inn med minste forstørring først (svakaste objektiv). Du skal høyre eit lite knepp når objektivet er på plass. Ikkje skyv på sjølve objektiva.
  3. Legg objektglaset med preparatet på objektbordet, og fest det med klipsa.
  4. Skarpstilling: Start med objektbordet i lågaste stilling, og lyft det forsiktig med makroskruen til du får eit tydeleg bilete. Finjuster til slutt med mikroskruen.

    Celletypar i blad av torvmose. Foto.
  5. Det er ikkje naudsynt å lukke det auget du ikkje bruker, sjølv om du berre har eitt okular. Dei fleste synest det er meir behageleg å ha begge auga opne samtidig.
  6. Skyv preparatet på objektbordet til du får den viktigaste delen i sentrum. Når du skyv preparatet, blir biletet alltid forskyvd i motsett retning.
  7. Trening: Skriv bokstaven h på eit stykke papir, og legg det inn under objektivet. Skyv det fram og tilbake mens du ser ned i okularet. Ikkje gi deg før du kan bevege det slik du vil.
  8. Viss er for lita, vil ytterkanten av biletet vere mørk. Juster blendaropninga slik at ho akkurat er stor nok til å gi jamt lys over heile biletflata ved lågaste forstørring. Sidan for stor blendaropning gir dårleg kontrast, kan det bli aktuelt å blende ned ved sterkare forstørring.
  9. Millimeterpapir sett gjennom mikroskop. Foto.

    Lag eit preparat med millimeterpapir, sånn at du kan finne diameteren til synsfeltet med dei ulike linsene/forstørringane. Dette er nyttig informasjon når du seinare skal finne storleiken på ulike preparat.

  10. Viss mikroskopet har som kan forskyvast, skal du setje han i låg stilling ved minste forstørring og heve han når du skiftar til større forstørring. Viss du ser ein svart ring langs kanten av synsfeltet, har du heva kondensoren for mykje. Prøv deg fram med justering av blendar og kondensor til du får maksimal kontrast ved stor forstørring.
  11. Når du arbeider med dei sterkaste objektiva, må du unngå å lyfte objektivbordet så mykje at dekkglaset blir pressa mot objektivet! Både objektivlinsa og preparatet kan bli øydelagde. For å unngå dette skarpstiller du alltid med lita forstørring først. Bruk deretter berre mikroskruen til å justere skarpleiken når du skiftar til sterkare objektiv.
  12. Objektiv 100 x krev bruk av .
  13. Når du er ferdig med mikroskopet, må du
  • fjerne preparatet
  • tørke opp vassøl med filtrerpapir
  • fjerne eventuell immersjonsolje med eit spesielt reinsemiddel (xylen)
  • stille inn med svakaste objektiv
  • plassere objektbordet i lågaste stilling
  • trekke på

Relatert innhald

CC BY-SASkrive av Kristin Bøhle og Skolelaboratoriet for biologi, UiO.
Sist fagleg oppdatert 27.04.2021

Læringsressursar

Verktøy