Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjelletChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Gradientanalyse på ein rabb

På rabbane er vegetasjonen utsett for sterk kulde om vinteren og tørke om sommaren. I denne oppgåva skal du gjennomføre ei gradientanalyse. Kartlegg kva slags plantar som veks på ein rabb, og korleis fordelinga mellom artane er over ei viss strekning frå toppen og ned skråninga.

Føremål

I denne oppgåva skal du kartleggje kva slags plantar som veks på ein rabb, og korleis fordelinga mellom artane er over ei viss strekning frå toppen av rabben og ned skråninga.

Kva er ein rabb?

Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto
Elevar i gang med gradientanalyse på ein rabb.

Ein ”rabb” er eit høgdedrag eller ein liten rygg der snøen blæs av om vinteren og vatnet renn bort om sommaren. Rabbane er derfor tørre om sommaren og nakne eller med berre eit tynt snødekke om vinteren. Rabben er ein motsetnad til snøleiet, der snøen ligg nesten heile sommaren og det ofte er mykje fukt.

Plantane som veks på rabben har relativt lang vekstsesong og er utsette for sterk kulde om vinteren og tørke om sommaren. Vegetasjonen blir dominert av ulike lyngartar, slik som rypebær, krekling og grepplyng. Dessutan finn vi ofte dvergbjørk og einer som dominerer litt nedanfor toppen av rabben. Lavartar dominerer gjerne botnsjiktet på rabben, og ofte blir dei prega av dei lyse lavartane, som reinlavartar.

Utstyr

  • flora
  • kart over ekskursjonsområdet
  • GPS
  • kompass
  • kamera eller mobiltelefon
  • skriveunderlag
  • blyant
  • tau med knute for kvar meter, minst 10 meter langt

Framgangsmåte

  1. Elever gjør undersøkelser i fjellet. Foto
    Ein klasse utfører gradientanalyse av rabbvegetasjon.
    Når de kjem til ekskursjonsområdet, må de velje ut ein passande rabb, dersom dette ikkje er gjort på førehand.
  2. Start med å ta oversiktsbilete og lage skisser som viser korleis rabben ligg i terrenget.
  3. Lag notat om korleis rabben ser ut.
  4. Merk av rabben på kartet, og finn posisjonane og høgd over havet.
  5. Fest tauet ved toppen av rabben, og strekk det ut nedover skråninga på lesida av rabben (du kan velje den sida du synest er best avhengig av dei lokale forholda).
  6. Bruk kompass og finn ut kva retning tauet er strekt ut i, og rekn ut hellingsvinkelen på terrenget.
  7. Tauet har knutar for kvar meter og må vere minst 10 meter langt. Registrer kva for plantar som veks i ein avstand på 50 cm frå kvar side av tauet. Noter kor dominerande veksten er. Her kan du bruke ei loggføring som vist i skjemaet, eller du kan lage ditt eige tilsvarande system.
  8. Ta bilete undervegs, og ver sikker på at du har artsbestemt plantane riktig.
  9. Viss du har tid, kan du gjere tilsvarande undersøkingar på fleire rabbar eller på fleire sider av ein rabb.

Til ekskursjonsrapporten

  • Ekskursjonsrapporten bør innehalde ei forklaring på kva ein rabb er, med di beskriving og bilete av rabben du undersøkte.
  • Ta med eit kartutsnitt der rabben du undersøkte, er merkt av.
  • Vidare må du beskrive metoden du brukte for å kartleggje rabbvegetasjonen.
  • Presenter resultata slik at det kjem tydeleg fram kva for artar som voks på rabben, og korleis dei ulike artane dominerte i vegetasjonen. Legg vekt på å seie noko om korleis éin eller fleire av artane er tilpassa dei tøffe vekstforholda på rabben.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjellet

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter