Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid i fjøraChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Tang og tare

Langs norskekysten er dei store tareskogane dominerande heilt ned til femten meters djupn. Nokre store brunalgar dominerer tareskogane, men på stilken av dei store brunalgane veks mange mindre tareartar. I fjøresona er mangfaldet av grøne, brune og raude algar ofte stort i eksponerte område.

Sukkertare, brunalge. Foto

Føremål

I denne feltoppgåva er målet å samle inn og artsbestemme tang- og tareartar frå fjøresona og ned i tareskogen ved hjelp av ei tangrive.

Utstyr

  • Tangrive. Foto
    Tangrive
    tangrive med tau (og eventuelt òg med "sikringsline")
  • algeflora
  • store plastbakkar
  • skriveunderlag
  • kamera eller mobiltelefon
  • eventuelt båt

Om tangriva

Ei tangrive er ei lita rive av metall festa til enden av eit langt og sterkt tau. Når riva blir kasta ut i tareskogen, vil ho fange tarestilken når du dreg ho sakte på land. Det er ein fordel å kaste riva frå ein stad der botnen er relativt glatt og ikkje full av store steinar, fordi riva lett kan setje seg fast.

Dersom de har tilgang på båt, er det lurt å ha ei sikringsline med ein liten dobbe på riva og sleppe riva ut frå båten. Dersom riva set seg fast når ho blir halt mot land, kan ho løysast den motsette vegen frå båten ved at de halar i sikringslina.

Framgangsmåte

Fingertare på algekroken
Algefangst.
  1. Begynn med å lage ei oversikt over korleis tangbeltet ser ut der du skal samle inn algane. Noter, og ta bilete.
  2. Etter kvart som algane blir samla inn, er det lurt å leggje dei på eit fuktig underlag eller på ein annan måte halde dei fuktige, for eksempel ved å leggje algane i store plastbakkar. Dersom dei blir liggjande i steikande sol, tørkar dei fort inn.
  3. Bruk algeflora eller annan bestemmingslitteratur, og artsbestem algane de har samla. Ta notat, lag teikningar, og ta bilete.
  4. Sjå spesielt etter små, epifyttiske algar som veks på stilkane til dei store brunalgane.

Til ekskursjonsrapporten

  • Lag ei artsliste over algane de fann, og ta med bilete av nokre arter.
  • Kva for artar var mest talrike? Kva for artar voks heilt i vasskanten, og kva for nokre fann de djupare? Fann de algar med flyteorgan?
  • Skildre grisetang, som er vanleg i fjøresona, og finn formeirings- og flyteorgan hos denne arten.
  • Kva for algar voks på stilken på dei store brunalgane? Kvifor veks dei raude algane her? Korleis er dei tilpassa, og kva blir avgrensande abiotiske faktorar på tarestilken?
  • Fann du virvellause dyr på somme av algane? Skildre og artsbestem desse.

Om stortare og fingertare

Stortare (Laminaria hyperborea) og fingertare (Laminaria digitata) er store brunalgar som liknar på kvarandre og er utbreidde langs heile kysten vår. Begge artane har eit festeorgan nedst, ein kraftig stilk og ei fingerforma bladplate øvst.

Stortare og gristang. Foto
Stortare og grisetang

Stortaren kan bli opptil 4–5 meter høg, men er vanlegvis rundt 2 meter. Stilken er lite fleksibel og ganske stiv med eit rundt tverrsnitt og ei ru overflate, mens bladplata sjeldan er over 1 meter brei. Stilken og festeorganet er fleirårige, og kuttar vi over stilken, kan vi telje årringar og finne ut kor gammal planten er.

Fingertare på stein i fjæra. Foto
Fingertare veks i eksponert fjøre ved Hidra i Vest-Agder

Fingertaren har ein opptil 3 meter lang stilk som er glatt og bøyeleg, noko som skil fingertaren frå stortaren. Fingertaren formar seg etter eksponeringstilhøva. På utsette stader kan taren nesten mangle stilk og ha lange bladflikar, mens i beskytta område og på djupt vatn har han lang stilk og breiare og tynnare blad og er lite oppsplitta i flikar.

Læringsressursar

Feltarbeid i fjøra