Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
  5. Planlegging av feltarbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Planlegging av feltarbeid

Under feltarbeidet skal du bruke biologiske arbeidsmetodar og tileigne deg kunnskap gjennom praktisk arbeid. For å få best mogleg fagleg utbytte, bør det gjerast eit grundig forarbeid, slik at alle er førebudd på sine oppgåver og kjenner målsetjing og ansvarsområde.

Teikning av biologilærar med mange tankebobler om feltarbeid. Illustrasjon.

Tidfesting

Dagane som skal brukast til feltarbeid, må som regel tidfestast og plasserast i skuleruta i god tid før ekskursjonen viss ein skal vere sikker på å få ønska tidspunkt.

Haust eller vår?

Lestelt og folk som sitter i teltet. Foto.
Et leirtelt kan vere godt å ha både for utstyr, oppslagsverk og folk. Det hender at vi får krevjande vêr under feltarbeidet.

For store delar av landet hastar det med å kome ut på feltarbeid om hausten – før plantar visnar, trekkfuglar dreg, og insekt finn overvintringsformar. Det kan vere vanskeleg å få nok tid til forarbeid når ein skal ut tidleg i skuleåret, men klassen blir fort kjend og får tidleg felles opplevingar, noko som er positivt for klassemiljøet.

Enkelte stadar i landet med tidleg vår kan mai også vere ei fin tid for feltarbeid. Dette kan vere vanskeleg viss elevar frå både Vg2 og Vg3 går i same biologiklasse.

Ein fordel med å leggje feltarbeidet til våren er at ein får god tid til førebuing, og derfor kan jobbe meir effektivt og målretta når ein er ute. Ulempa med vårekskursjon er at ein ikkje får nytte av erfaringar og materialet gjennom skuleåret.

Kor mange dagar?

Læreplanen seier ikkje noko bestemt om kor mykje tid ein skal bruke på feltarbeidet, men kompetansemåla som er knytt til feltarbeid i BI1, er så omfattande at dei neppe kan oppnåast på mindre enn to heile dagar. Mens nokon reiser på fleire dagsturar til ulike biotopar, vel andre å overnatte og bruke fleire dagar i same område. For skular som ligg nært eit eigna naturområde kan feltarbeidet gå føre seg i fleire kortare økter over lengre tid, og kanskje gjennom fleire årstider.

Ekskursjonsområde – val av naturtype

To elever sitter i båt og holder opp et fiskegarn med fisk. Foto.
For å drive med prøvefiske med garnsett må du ha løyve frå grunneigarar.

Valet er i stor grad avgrensa av tilgjengelegheit, årstid og økonomi. Eit av kompetansemåla krev ”artar frå ulike biotopar”, men sidan vi kan finne fleire biotopar i eitt naturområde (til dømes rabb, myr og snøleie i fjellet), er ikkje dette avgrensande for val av område.

Som nemnt tidlegare hastar det med å kome ut om hausten mens det enno er mykje liv, men viss ein vel eit ekskursjonsområde som ligg nært skulen, kan ein fordele feltarbeidet over lengre tid og gjerne over fleire årstider. Vinterekskursjonar kan gjennomførast i ein lengre periode, men nysnø er ein fordel når ein skal sjå etter spor og sporteikn.

Forstudium av ekskursjonsområdet på digitale kart kan gi mykje nyttig informasjon om bonitet, høgd over havet, berggrunn, helling med meir, som i sin tur er viktige opplysningar med tanke på artskunnskap og tilpassingar.

Undersøkingar

Regnvått lemen med blad i munnen. Foto.
For å drive fangst av smågnagarar, må du søkje om fellingsløyve i god tid på førehand.

Når fysiske målingar, registreringar og kartleggingar skal gjennomførast er det viktig å kunne dei nødvendige prosedyrane, riktig bruk av utstyr samt å kunne bruke oppslagsverk og bestemmingsnøklar. Dette er ting som bør vere gjennomført på førehand.

Enkelte feltundersøkingar føreset at du har søkt løyve i god tid før feltarbeidet, og at denne blir innvilga. Dette gjeld til dømes fangst av smågnagarar og prøvefiske.

Rapportar og objektsamling

To jenter skriver notater under feltarbeidet. Foto.
Nøyaktige notat frå feltarbeidet er nødvendig for å lage ein god rapport.

Omfang, form og innhald i rapporten må avtalast før feltarbeidet tek til. Det same gjeld vurderingskriterium. Dette er viktig for at alle skal vere bevisste på sine ansvarsområd og verdien av nøyaktige notater og dokumentasjon (bilete, kart) frå feltarbeidet.

  • Ein felles: Grupper har eigne ansvarsområde og leverer sine bidrag som til saman utgjer ein fullstendig rapport.
  • Grupper: Kvar gruppe leverer fullstendig rapport.
  • Enkeltvis: Alle leverer ein individuell, komplett rapport.

Objektsamling er ikkje lenger eit krav i læreplanen, men alle må tileigne seg kunnskap om artar frå ulike habitat og kunne klassifisering. Å jobbe med objektsamling i samband med ekskursjonen kan derfor vere ein nyttig arbeidsmetode for å oppnå desse kompetansemåla.

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Feltarbeid

  • SubjectMaterialFagstoff

    Datalogging i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Bruk av digitale kart i feltarbeid

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Innføring i bruk av "Kart i skolen" på ekskursjoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Digitale verktøy i naturfag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Tree of life – slektskap mellom organismer

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Kreativ bruk av mobiltelefon i undervisninga

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Generasjonsveksling hos sisselrot

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Forsøk: Fotosyntese og celleanding – datalogging

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Infusoriekultur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Artskunnskap og systematikk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff