Kvar ein gjennomfører feltarbeidet er opp til kvar enkelt klasse med tanke på kva som er mest hensiktsmessig. Kor er det naturleg å dra, og kva er det naturleg å undersøkje? Vel ein å kartleggje eitt økosystem grundig, eller vel ein å studere enkeltprosessar og artar i ulike biotopar?

Innsjø

Viss ein vel innsjø som ekskursjonsområde, kan det også vere naturleg å studere vegetasjon og jordsmonn i terrenget rundt vatnet. Det vil gi ei heilskapsforståing og eit godt grunnlag for å forstå artsutvalet og dei abiotiske forholda som organismane i vatnet er tilpassa.
Prøvefiske er tidkrevjande, men gir moglegheiter til å vurdere oppvekstvilkåra, K-faktor, om vatnet er "overfolka" og mykje meir.
Fjøre
Her er det naturleg å studere ulike biotopar i strandsona på land, i tillegg til livet i vatnet. Kva for fellestrekk og tilpassingar finn vi hos plantar som kan vekse på ei strandeng, eller hos dyr som lever med bølgeslag og varierande vasstand? Sjå forslag til mange aktivitetar under feltarbeid i fjøra.
Fjellet

Biotopar som rabb, myr, snøleie, lynghei og fjellbjørkeskog byr på tøffe miljøfaktorar som krev god tilpassing frå dei organismane som lever der. I dette sårbare økosystemet kan ein studere tilpassingar hos enkelte organismar, og ein kan sjå korleis artsutvalet er styrt av miljøfaktorane i ulike habitat og nisjar.
Sjå forslag til mange aktivitetar under feltarbeid på fjellet.
Se oppslagsverket Lyngnøkkel i PDF-format.
Filer
Elv

Livet i elva er påverka av nedbør og avrenning frå heile nedslagsfeltet. Organismar som lever i elva, må derfor tåle stadige variasjonar i vasstand, straum, næringstilgang og temperatur. Laks, aure og elvemusling er døme på organismar som har ulike preferansar og tilpassingar til substratstorleik, straum og vassdjupn. Livssyklusar og vandringar mellom ulike biotopar er også interessant for hovudområdet ”Funksjon og tilpassing”.
Skog
Ved å samanlikne bygningstrekk og tilpassingar hos artar i lauvskog, granskog og på hogstflater får ein innsikt i den variasjonen som finst i ulike habitat og nisjar. Metodar som ruteanalyse og linjeanalyse kan brukast til å talfeste førekomstar i dei ulike miljøa. Ved å følgje det same området haust, vinter og vår kan ein sjå fleire typar av tilpassingar og registrere korleis artsutvalet varierer med årstida i same område. Ein kan òg sjå på jordprofilar, setje ut insektfeller og studere spor og sporteikn for å sjå kva for dyr som lever i dei ulike skogstypane.
Myr

Mykje vatn, låg temperatur, låg pH-verdi og mangel på oksygen stiller spesielle krav til artar som skal vokse på myra. Torvmosen si utskiljing av sphagnan (bakteriedrepande), evne til å halde på vatn, konserverande og torvbyggjande eigenskapar er verdt eit studium.
Ein kan finne kjøttetande plantar som er tilpassa næringsfattige forhold, og plantar med luftstenglar som toler å stå i vatn. Tuer og høljer har svært ulikt artsutval. Ved å samanlikne desse (gjerne med rute- eller linjeanalyse) kan ein sjå korleis biologisk mangfald heng saman med variasjon i habitat og nisjar.
Læringsressursar
Feltarbeid – for- og etterarbeid
Fagstoff
Feltarbeid
KjernestoffPlanlegging av feltarbeid
Kjernestoff- Kjernestoff
Døme på feltarbeid i fleire miljøDu er her
Metodar for å fange smådyr
KjernestoffFeltrapporten
KjernestoffObjektsamling
KjernestoffIntroduksjon til systematikk
KjernestoffFilm om systematikk og klassifikasjon
KjernestoffBruk av nøklar – hjelp til artsbestemming
KjernestoffArtsomgrep og artsbestemming
KjernestoffSuksesjon, gjengroing av tjern
KjernestoffSuksesjon i skog, etter en skogbrann
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Slik lagar du eit herbarium
KjernestoffArtsbestemming – oppgåve med nøkling
KjernestoffRefleksjonsoppgåver til feltrapporten
KjernestoffForsøk: Simulering av prøvefiske
KjernestoffVerknaden sur nedbør har på jord
KjernestoffHabitat
KjernestoffKor godt kjenner du treslaga?
KjernestoffKapittelprøve – den unge biologen
Kjernestoff