Hopp til innhald

  1. Home
  2. BiologiChevronRight
  3. Den unge biologenChevronRight
  4. Feltarbeid – for- og etterarbeidChevronRight
  5. Feltarbeid i biologiChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Feltarbeid i biologi

Feltarbeid er viktig for at elevar i biologi skal kunne forstå samanhengar i naturen. Elevane skal få kjennskap til abiotiske og biotiske miljøfaktorar ved å bruke ulike feltmetodar, og på den måten kombinere teori og praksis. Mange opplever feltarbeidet som fagleg motiverande.

Elev som titterpå fugl i teleskop. Foto

Feltarbeid

Under feltarbeidet får du eit raskt, spennande og intenst innblikk i faget biologi, men det er mykje som må førebuast og planleggjast før klassen skal ut i felt. Det er positivt både for motivasjonen og forståinga at dei som skal gjennomføre undersøkingane får vere med på å planleggje, prioritere og fordele ansvarsområde.

Under feltarbeidet får du brukt biologiske arbeidsmetodar og tileigna deg mykje kunnskap gjennom praktisk arbeid. Erfaringar, registreringar og materiell som blir samla inn gir verdifullt grunnlag og inspirasjon for vidare arbeid i gjennom skuleåret.

Kva vil du undersøkje?

Jente blar i en flora. Foto.
Det er ofte bruk for oppslagsverk og nøklar til artsbestemming.

Artskunnskap og systematikk er sentralt for feltarbeidet i biologi 1. Du skal bruke biologiske arbeidsmetodar til å samle inn og kartleggje organismar. Desse skal du samanlikne og artsbestemme ved hjelp av kunnskapar frå systematikken. Då treng du oppslagsverk og nøklar til dette arbeidet.

Vi kan kartleggje heile økosystem og sjå på samanhengar (variasjon og tilpassingar), eller vi kan studere enkeltprosessar og artar i ulike biotopar.

Typar undersøkingar og organisering

Uansett kva for ekskursjonsområde vi vel, er det mange undersøkingar og kartleggingar som kan gjerast. Alle treng ikkje å gjere det same. Når fysiske målingar eller andre oppgåver er tidkrevjande eller krev at ein lærer seg prosedyrar og bruk av utstyr, kan det vere nødvendig å fordele ansvarsområde. Nokre av undersøkingane kan fordelast mellom grupper som i etterkant deler sine erfaringar og sin rapport med alle. Det er viktig å avtale korleis kunnskap og erfaringar skal delast i etterkant.


Førebuing og etterarbeid

  • Kart med fargekoder. Illustrasjon.
    Bonitetskart.

    Når ekskursjonsområdet er valt og tidsramma er klar, kan tidsskjema for dei ulike aktivitetane setjast opp.

  • Ansvarsfordeling: utstyr og målemetodar/undersøkingar
  • Utstyr: klargjering og kalibrering av utstyr
  • Lære bruk av utstyr og oppslagsverk (innføring i systematikk)
  • Rapportskriving: avtale korleis resultat og vurderingar skal dokumenterast og presenterast
  • Kart:
    Forstudium av ekskursjonsområdet på digitale kart kan gi mykje nyttig informasjon om bonitet, høgd over havet, helling, berggrunn, avrenning, påverknad med meir. I etterkant kan vi leggje inn informasjon om funn under feltarbeidet. Kartet kan inngå i feltrapporten som ein del av dokumentasjonen.
    Bilete som blir tatt med mobiltelefonen, kan også geotaggast.
  • Overnatting, mat og transport
  • To elever studerer plankton i stereolupe. Foto.
    Lommelykt og stereolupe gjer det mogleg å studere smådyr og plankton mens prøvane enno er ferske, sjølv utan elektrisitet.

    Objektsamling er ikkje lenger eit krav i læreplanen, men du må tileigne deg kunnskap om artar frå ulike habitat og kunne klassifisering. Arbeid med objektsamling i samband med feltarbeidet er derfor ein nyttig arbeidsmetode for å oppnå desse kompetansemåla.

  • Etterarbeid: Jordprøvar, planktontrekk, plantar, insekt med meir kan vere objekt for vidare studium og klassifisering etter at vi har kome tilbake til skulen. Rapportskriving, presentasjonar og objektsamling er også ein del av det etterarbeidet som følgjer med feltarbeidet.

Nyttige ressursar:

Læringsressursar

Feltarbeid – for- og etterarbeid

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter