Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kosthald og helseChevronRight
  4. VitaminChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vitamin

Ordet vitamin kjem av vita, som betyr «liv», og amin, som er ei kjemisk nemning på organiske stoff som inneheld nitrogen. Det er likevel berre ein del B-vitamin som inneheld nitrogen.

Grønnsaker, frukt og bær anrettet på et rundt fat. Foto.
Grønnsaker, frukt og bær inneheld mykje vitamin.

Vi kjenner i dag til 13 ulike vitamin som er livsnødvendige for oss menneske, men vi treng berre ørsmå mengder av dei – frå nokre tusendels gram til nokre titals milligram. Vitamina er svært ulike. Dei har ulik kjemisk oppbygnad, og dei har heilt ulike oppgåver i kroppen.

To grupper vitaminer

Vi deler vanlegvis vitamin i dei to gruppene:

  • vassløyselege vitamin (B-vitamina og vitamin C)
  • feittløyselege vitamin (vitamin A, D, E og K)

Når vi veit om eit vitamin er feittløyseleg eller vassløyseleg, kan det òg fortelje oss noko om:

  • matvarene vi finn vitaminet i
  • korleis det blir absorbert i kroppen
  • korleis vi bør stelle til maten for samstundes å bevare vitamina best mogleg

Vassløyselege vitamin

  • blir lettare øydelagde enn dei feittløyselege når vi lagar mat
  • blir ikkje lagra i kroppen og må derfor tilførast dagleg
  • må trekkjast ut av blodet når vi treng dei
  • forlèt kroppen gjennom urinen dersom dei ikkje blir nytta innan kort tid, så faren for overdose og forgifting er derfor liten

Fettløyselege vitamin

Feittløyselege vitamin blir lagra i levra og i feittvevet over lengre tid.

Lenkjer til artikler om vitaminer

Vassløyselege vitamin:

Vitamin B

Vitamin C

Feittløyselege vitamin:

Vitamin A

Vitamin D

Vitamin E

Vitamin K

Hugskelappen

  • Et variert kosthald basert på anbefalingar frå Helsedirektoratet vil gi deg mykje vitamin
  • For nokre grupper er tilskot nødvendig, som gravide, sjuke, barn, eldre
  • Ein lege vil kunne anbefale ekstra inntak utover eit variert kosthald og sunn livsstil

Læringsressursar

Kosthald og helse