Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Kost til ulike grupperChevronRight
  4. Kost for eldreChevronRight
  5. Trivsel og hyggje for eldre og underernærteChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Trivsel og hyggje for eldre og underernærte

Etter kvart som vi blir eldre får vi eit lågare energiforbruk og treng dermed mindre mat. Di mindre mat vi et, di viktigare er det at maten er rik på næringsstoff slik at vi ikkje får i oss for lite vitamin og mineral. Dette kan ofte vere eit problem blant eldre. Ein del eldre får dessutan ikkje i seg nok energi, rett og slett fordi dei et altfor lite.

Eit tvillingpar feirar 101-års dagen sin med kake.

Undersøkingar viser at eldre over 80 år som i tillegg er kronisk sjuke og/eller som lir av depresjon eller mental svikt, er i risikosona for å bli feil- eller underernærte. Mange av desse bur på alders- eller sjukeheimar, men får likevel ikkje i seg det dei treng av næringsstoff. Dette kan komme av fleire ting, men på mange institusjonar kan ein heilt klart gjere meir for å sikre at pasientane/bebuarane har ein tilfredsstillande ernæringsstatus.

Tilpassa kost

Det kan vere mange grunnar til at eldre på institusjon ikkje får i seg nok mat. Enkelte mister interessa for mat eller har redusert appetitt som eit resultat av einsemd og depresjon. Sjuke og pleietrengjande eldre kan òg ha nedsett allmenntilstand og vanskar med å tyggje og svelgje. Dei kan derfor ha problem med å ete nok av den maten som blir servert. For å redusere volumet på maten, tilrår ein derfor at kosthaldet i sjuke- og aldersheimar inneheld noko meir feitt enn kvardagskosten.

Mange eldre får redusert smaks- og luktesans og bør derfor få tilbod om ekstra krydder for å få ei betre smaksoppleving når dei et.

Det er òg viktig at kosthaldet er tilpassa den eldre sine vanar og tradisjonar slik at maten som blir servert er kjend og kjær.

Småstek av okse, ertestuing, kokte grønnsaker , kokt potet og tyttebær servert på en hvit middagstallerken. Foto
Her er ein middag med småsteik, ertestuing, kokte grønsaker og kokt potet. Mange har problem med å tyggje rå frukt og grønsaker, og ein bør derfor kunne tilby kokte grønsaker.

Hyppige måltid

For å sikre at bebuarane får i seg nok energi og næringsstoff er det viktig at dei et ofte nok. Ein bør derfor tilby fire faste måltid og minst eitt mellommåltid per dag. Så langt det lar seg gjere bør det vere mogeleg for bebuarane å få mat og drikke utanom dei faste måltida, slik at dei ikkje går glipp av eit måltid dersom dei til dømes har sove under måltidet.

Etter kvart som vi blir eldre blir tørstekjensla vår dårlegare. Mange eldre drikk derfor altfor lite, og resultatet kan vere dehydrering som kan føre til "forvirring". For å unngå dette er det viktig at den eldre får tilbod om noko å drikke så ofte som mogeleg, gjerne juice eller andre energihaldige drikker for dei som er tynne i utgangspunktet.

Tallerken med brødskiver og et glass melk til. Foto.
For at det ikkje skal gå for lang tid mellom dagens siste måltid og frukost dagen etter, er det viktig at det blir servert eit skikkeleg måltid seinare enn kl. 17.00.Mjølk inneheld mange næringsstoff, og dei eldre bør derfor få tilbod om mjølk til måltida.

La dei eldre bidra

Vi har alle ein tendens til å ete meir i "hyggjeleg lag", og dette gjeld sjølvsagt òg dei eldre. Det er derfor svært viktig å gjere måltidet til ei positiv oppleving for bebuarane på ein institusjon. Dette gjeld både med omsyn til kva som blir servert, men òg korleis maten blir servert og miljøet rundt måltidet.

På mange eldreinstitusjonar tek dei eldre lite del i matstellet. Dei blir ikkje spurde om kva slags middag dei vil ha, og mange smør aldri sine eigne skiver, tek ikkje del i menyplanlegginga, og blir passiviserte.

Trivsel og medverknad kan vere ein føresetnad for matlyst og ein god ernæringsstatus. Derfor bør bebuarar som har lyst og høve til å ta aktivt del i matlaging og servering få lov til å gjere dette.

Eldre dame som får hjelp til å koke kaffe. Foto
Ved å ta del til dømes i å planleggje middagsmenyar, dekkje bord, koke kaffi osv. vil dei eldre føle seg meir engasjerte, og dette kan fremje matlysta.

Trivsel rundt måltidet

Når vi set oss ned for å ete, har miljøet rundt oss mykje å seie for appetitten og matgleda vår. Det er til dømes ikkje særleg freistande å ete i eit rom som stinkar av urin, eller på ein matsal der malinga skalar av og stolane er vonde. Utforminga av spiserommet, val av servise, møblar og gardiner er ting som kan påverke appetitten til ein person.

Maten skal sjølvsagt sjå appetittleg ut, og det er viktig at det ikkje blir servert for store porsjonar, ettersom det kan redusere matlysta ytterlegare for dei som allereie slit med å få i seg nok mat.

Sjekkliste for ein optimal spisesituasjon:

  • Sit pasienten i ei behageleg stilling?
  • Kan ho/han ete komfortabelt?
  • Kven serverer maten?
  • Korleis ser maten ut, er han appetittleg?
  • Korleis er storleiken på porsjonane?
  • Er han tilpassa individuelle behov?
  • Er behova for spesielle diettar oppfylte?
  • Får pasienten hjelp til å ete dersom dette er nødvendig?
  • Er det mykje mat som blir bore ut att, i tilfelle kva slags mat er det?
  • Har pasienten god nok tid til å ete?
  • Er tannproteser tilgjengelege?
  • Er det nok tilsette til stades for å hjelpe til med ekstra behov?
  • Korleis ville du sjølv ha likt å bli servert denne maten over lengre tid?
Ei eldre dame blir servert av ein sjukepleiar.
For å få opp matlysta er det viktig å gjere spiserommet så hyggjeleg og heimekoseleg som mogeleg, til dømes ved å bruke gardiner og servise som verkar kjent og kjært for den eldre.

Læringsressursar

Kost for eldre

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter