Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Menylære og dei ulike menytypaneChevronRight
  4. BufféChevronRight
  5. FrukostbordChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Frukostbord

Ein god frukost gir ein god start på dagen. Eit bognande frukostbord inneheld mange ulike rettar og har eit breitt utval for ein kvar smak.

Bilete av eit frukostbord med ulike råvarer til frukost

Dagens første måltid

Frukosten er for dei fleste dagens første måltid. Han skal gi energi til å kome i gong på jobb eller skule, og løyse dagens første oppgåver. Kva som er vanleg å ete til frukost vil variere frå heim til heim, og frå land til land. Når dette måltidet begynner vil òg variere. På ein overnattingsstad som eit hotell, vil frukosten gjerne starte tidleg på morgonen slik at gjestane kan nå å ete ein god frukost før arbeidsdagen begynner. I overnattingsbedrifter er det vanleg å servere frukosten som eit frukostbord der gjestane sjølve kan forsyne seg med det dei ønskjer.

På ein institusjon kan det vere praktisk å servere frukosten på eit fast tidspunkt som passar til aktivitetsplanen. Frukosten kan anten serverast som eit frukostbord der bebuarane forsyner seg sjølve, eller han kan serverast på brett til brukarane.

Eit frukostbord består vanlegvis av:

  • Brød og bakarvarer: Eit utval av grovbrød, kneippbrød, finbrød, loff, rundstykke, knekkebrød, kavring og eit assortert utval av kjeks. Ofte blir det òg servert andre typar bakverk som croissantar, brioche og liknande. I tillegg bør det finnast eit utval av glutenfritt bakverk til gjestar med intoleranse og allergi. Brødet kan serverast oppskore eller på ei skjerefjøl slik at gjesten sjølv kan skjere brødet så tjukt han/ho ønskjer.
  • Korn og frøvarer: Eit utval av ulike typar frø og korn som havregryn, kli, bokkveite, cornflakes, solsikkefrø, linfrø, graskarkjernar, sesamfrø og liknande.
  • Mjølketypar: Sure og søte typar av skumma mjølk, ekstra lett, lettmjølk og heilmjølk. Yoghurt naturell og yoghurt med fruktsmak.
  • Syltetøy, marmeladar og liknande: Jordbær, bringebær, blåbær, appelsinmarmelade og liknande.
  • Tørka frukt og nøtter: Rosiner, svisker, aprikosar, banan, hasselnøtter, mandlar, valnøtter, pistasjnøtter, pinjekjernar og liknande.
  • Juice og smoothiar. Juice av appelsin, eple og andre typar frukt eller grønsaksjuice. Somme stader er det vanleg med smoothiar laga av frukt og bær eller ferskpressa juice serverte som små «fruktshots».
  • Fisk: Ulike typar fiskepålegg, som oftast røykt eller grava, sild i ulike variantar, makrell i tomat.
  • Kjøt: Ulike typar pålegg av både raudt og kvitt kjøt som skinke, roastbiff, rull, steik, paté, postei og spekepølse av ulike slag.
  • Grønsaker: Skåler med ulike typar salatar og grønsaker ein kan blande sjølv etter ønskje, ferdigblanda salatar med dressing.
  • Ost: Eit representativt utval frå ulike ostetypar som blåmuggost, kvitmuggost, ferskost, kittmodna ost og faste/halvfaste ostar, i tillegg til brunost.
  • Frukt: Eit assortert utval av frisk frukt, anten heil, oppskoren eller som fruktsalat.
  • Varme eggerettar: Kokt egg (blautkokt og hardkokt), speilegg, eggerøre og omelett.
  • Varmrettar: Andre vanlege varmrettar er bacon, små pølser, kjøtbollar, tomatbønner, steikte poteter, steikte tomatar, steikt fisk, havregraut og liknande.
  • Smør: Porsjonspakkar med smør og vegetabilsk margarin.
  • Andre drikkevarer: Kaffe, te og isvann.
Biter av ulike typer frukt og bær. foto.
Vi spiser ofte mer frukt når den er oppskåret.

Læringsressursar

Buffé

SubjectEmne

Fagstoff