Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Økonomi og salChevronRight
  4. Lover og reglarChevronRight
  5. TryggleikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tryggleik

Arbeidsmiljølova legg vekt på at arbeidsplassen skal vere trygg mot farar som kan skade liv og helse. For å skape ein sikker arbeidsplass må vi finne ut kva som kan gå gale. Vi må vurdere kva vi kan gjere for å hindre det, og redusere skadane dersom ulukka skulle vere ute.

Ei steikjepanne som har teke fyr. Foto.

Kva seier arbeidsmiljølova?

Lover og forskrifter krev at vi avgrensar farane og dei verste konsekvensane. I arbeidsmiljølova (aml) finn vi føresegner om at arbeidstakarane ikkje skal utsetjast for uheldige fysiske eller psykiske belastningar, mellom anna i aml. § 4-1 (2), aml. § 4-4 (1) og aml. § 10-2 (1).

Les meir om arbeidsmiljølovens avgjerder på lovdata.no.

Risiko og farekjelder

Masse forskjellig bestikk ligger en haug uten system eller orden. Foto.
Slik skal det ikkje sjå ut! Uorden og rot i bestikk og knivar kan føre til at nokon skadar seg.

Med risiko meiner vi moglegheita for at noko ein ikkje ønskjer skal skje, faktisk skjer, og kva for følgjer det kan få. Det er mange farekjelder på ein arbeidsplass: støy, kjemikaliar, maskinar, tunge løft, stress osv.

På eit kjøkken er det fare for alvorlege brannskadar og kuttskadar. Servicemedarbeidarar kan oppleve stress, samarbeidsproblem og belastningslidingar.

Her skal vi sjå på nokre enkle grep som kan gjere arbeidsplassen tryggare.

Unngå søl

Flasker og andre behaldarar skal haldast forsvarleg korka/lukka, og brannfarlege væsker skal oppbevarast og setjast tilbake i skap som er innretta særskilt for dette formålet. Brannfarleg avfall skal kastast med det same i brannsikre behaldarar. Ver særleg merksam på faren ved gryter med varm olje og også faren ved søl av olje med vanleg temperatur på eit glatt golv.

Arbeidsreiskap og verktøy

Arbeidsreiskap og verktøy som skal brukast i arbeidet må ha ein forsvarleg kvalitet og haldast i god stand. Det må òg ha ein føremålstenleg og fornuftig oppbevaringsplass slik at ein kan hente det fram utan fare for skade. Dette gjeld sjølvsagt særleg for skarpe og spisse gjenstandar. Knivar skal vere tilpassa bruken og haldast skarpe for å sikre eit godt arbeid og redusert belastning.

Kunnskap om verktøyet

Det er viktig at alle har god kjennskap til verktøyet og bruk og vedlikehald av det. Det gjeld sjølvsagt òg maskinar som blir brukte i produksjonen. Ingen må bruke maskinar som dei ikkje har fått opplæring på.

Bruk verneutstyr

Bruk av rett verneutstyr er viktig for å unngå skadar i arbeidssamanheng. Kva personleg verneutstyr ein skal nytte, må sjåast i samanheng med kva for type arbeid det gjeld.

God orden

Ein god regel er at alle ting har sin faste plass og at like ting skal lagrast samla. Etter bruk skal utstyr, verktøy og maskinar gjerast reine og leggjast på plassen sin. Skada verktøy som må reparerast, skal ein leggje/sende til reparasjon med det same eller erstatte snarast råd. Arbeidsbord og -benkar skal haldast reine og ryddige. Kvar einskild har ansvar for å halde sin arbeidsplass rein og ryddig.

Kartleggje risiko

Arbeidsmiljølova og internkontrollforskrifta § 5 krev at alle verksemder skal kartleggje risikoen på arbeidsplassen for å finne ut kva som kan forårsake skadar eller sjukdom. Omfanget av ei risikovurdering varierer med storleiken på arbeidsplassen og kva slags arbeid som blir utført.

I mange verksemder er det få og relativt enkle farar å forhalde seg til, og vi treng ikkje vere ekspertar på tryggleiksspørsmål for å handtere dei.

Ei enkel risikovurdering kan gjerast i fire trinn:

Trinn 1: Finn farekjeldene.

Trinn 2: Kva kan skje, og kor sannsynleg er det (konsekvensar)?

Trinn 3: Kva kan vi gjere for å hindre det?

Trinn 4: Tiltak og vidare arbeid.

Arbeidstilsynet si faktaside om personleg verneutstyr

Oppgåve

Verneombod på skulen

Finn ut kven

  • som er verneombod på skulen
  • som sit i arbeidsmiljøutvalet

Inviter verneombodet til klassen for å fortelje om kva verneombodet og arbeidsmiljøutvalet gjer.

Hugselappen

Tryggleik handlar om å føle at vi er utanfor fare og har det godt både fysisk og psykisk.

Læringsressursar

Lover og reglar

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter