1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Servering og gjestebehandlingChevronRight
  4. ServeringChevronRight
  5. BordetChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bordet

Når ein skal dekkje bord, må ein ta omsyn til rommet, bordtypar, val av bord og samansettinga av bord.

Servitør dekker bord. Foto

Når du skal velje bordtype, må du ta omsyn til dette:

  • storleik og form på rommet som skal brukast
  • kva slags høve bordet skal brukast til
  • tal på gjester
  • meny og serveringsmetode

Bordet må alltid passe til høvet. I eit fint selskap som bryllaup bør gjestene sitje slik at flest mogleg kan sjå brudeparet. Dess finare høvet er, dess viktigare er det at bordet eignar seg.

Bordtypar

Rektangulært bord

Eit rektangulært bord er eit avlangt bord som er sett saman til eit selskapsbord. Dersom bordet blir laga for langt, kan det sjå ut som ein smal tarm. Denne bordtypen gir lite plass til bordpynt. Han passar til større, enkle selskap, for eksempel til servering av kurs- og konferansegjester.

Kongebord

Kongebord er det vi kallar eit rektangulært bord sett opp i dobbel breidd. Bordet blir luftig, med god avstand mellom bordsidene. Denne bordtypen gir god plass til bordpynt. Kongebord blir ofte brukt i elegante selskap med mellom 18 og 30 gjester. 20 gjester på eit kongebord er det ideelle.

Ovalt bord

Eit ovalt bord er eit rektangulært bord i dobbel breidd med eit halvsirkelforma bord i kvar ende. Denne forma for bordoppsetting får ei mjukare avslutning og eit meir høgtideleg preg. Det passar til elegante selskap på mellom 10 og 28 personar.

Utstikkarbord

Denne forma for bordoppsetting finst i fleire variantar, for eksempel

  • U-bord, også kalla hestesko
  • E-bord
  • kambord

Denne forma for bordoppsetting blir brukt i større selskap. Ved eit kambord kan det dekkjast opp til fleire hundre gjester.

Bordet sitt språk
Eit bord som er dekt opp til bryllaup. Foto.
Her er rektangulere bord sette saman til ein hestesko.

Læringsressursar

Servering