Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Tilpassa kostChevronRight
  4. Natriumredusert kost ChevronRight
  5. Tilpassa kost – del 1ChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Tilpassa kost – del 1

Dette er ei individuell oppgåve om tilpassa kost. I denne oppgåva skal læraren gjennomgå fagstoff, deretter skal eleven svare på oppgåvene.

Bebuar et middag på ein institusjon. Foto

Informasjon om oppgåva

Læraren gjennomgår desse typane tilpassa kost:

  • Mat med ein annan konsistens
  • Glutenfri kost
  • Saltredusert/saltfattig kost
  • Laktoseredusert kost
  • Feittredusert kost

Oppgåve 1

Person som skriv på laptop. Foto.

Lag eit hefte eller ei mappe med

  1. framside og namn
  2. innhaldsliste
  3. innleiing
  4. svar på oppgåvene
  5. avslutning
  6. kjeldetilvisingar

Svar deretter på følgjande:

  1. Namn på tilpassa kost.
  2. Kva for matvarer eller råvarer må pasientar på denne kosten unngå? (NEI-mat)
  3. Kva for matvarer eller råvarer kan pasientar på denne kosten ete? (JA-mat)
  4. Skriv ned minst 6 faktasetningar (råd) som er viktige for deg som kokk å vite om den tilpassa kosten.

Oppgåve 2

Menytavle. Foto.

Her ser du eit døme på ein meny med nøkkelrådskost det er vanleg å servere ved institusjonar.

Døme på tabell

Kost-type

Hovudrett

Saus

Potet/grøns.

Dessert

Nøkkelrådskost

lettsalta kokt uer

eggesmør

kokt potet gulrotstuing

erter

kirsebærkompott

fløytemjølk

Findelt kost

Glutenfri kost

Saltredusert kost

Laktoseredusert kost

Feittredusert kost

Læringsressursar

Natriumredusert kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter