1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. SpesialkostChevronRight
  4. Feittredusert kostChevronRight
  5. Råd om matvareval og tillagingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Råd om matvareval og tillaging

Fett er ein smaksberar, og mat utan feitt vil naturleg nok vere meir smaklaus. Det er derfor ei utfordring å lage mat som er god og freistande for den som er sjuk og har dårleg appetitt.

Ung kvinne et salat. Foto.

Praktiske utfordringar og matlagingsråd

  • Bruk friske krydderurter og tørka krydder.
  • Bruk friske og feittfrie råvarer.
  • Kok kraft av bein frå kjøt og fisk, og bruk dette t.d. i sausar, stuingar og supper.

Metodar for tillaging

Vel tillagingsmetodar som ikkje tilfører feitt, og som held mest mogleg på smaken i maten.

  • samankokte retter som t.d. stuingar og gryteretter
  • sous vide-tillaging
  • omnsbakte retter
  • retter bakt i folie
  • koking og damping
  • steiking i panne med sleppbelegg
  • grillsteiking

Vel magre matvarer

Fisk, egg og magre kjøtprodukt er gode produkt å bruke. Potet, korn og grønsaker må nyttast i større grad i denne kosten enn andre kostar. Bruk 1 ss olje til matlaging i til dømes middag for å få essensielle feittsyrer inn i kosten.

Her er lenkje til Kosthaldsplanleggjaren, den er smart å bruke for å finne ut kor mykje feitt det er i råvarene.

Middag med dampa fisk. Foto
Dampa mager fisk med grønnsaker som er delikat lagt opp, kan freiste ein kvar pasient.

Fisk

Til middag kan ein nytte alle magre fiskesortar. Feite fiskesortar skal berre nyttast til pålegg. Fiskekaker og fiskepudding kan nyttast både til middag og som pålegg.

Kjøt

Reine kjøtprodukt som ikkje inneheld synleg feitt kan brukast i samsvar med kosthaldsråda.

  • Når ein brukar fjørfe, må ein fjerne skinnet, fordi mykje av feittet sit i og under skinnet.
  • Ikkje bruk bacon, pinnekjøt og ribbe.
  • Ver merksam på kjøt som er marmorert med feitt, til dømes entrecote.
  • Skjer bort synleg feitt på til dømes kotelettar.
  • Ved bruk av pølser og annan farsemat, vel lettprodukt med mindre feitt.
  • Vel karbonadedeig framfor kjøtdeig.

Egg

Eggekvite inneheld ikkje feitt og kan brukast i fri mengde. Eggeplommer inneheld om lag 6 g feitt per plomme. Når ein brukar heile egg anten til brødmåltid eller i matlaging, må feittinnhaldet i plomma takast med i den totale feittmengda.

Brød og kornvarer

Brød som er bakte utan eller med lite feitt kan brukast fritt. Knekkebrød, lompe og flatbrød er som oftast feittfrie, men les varedeklarasjonen for å vere heilt sikker. Kornblandingar kan vere tilsette feitt.

Poteter, grønsaker, bær og frukt

Dei fleste grønsaker, frukt, bær og poteter kan brukast i fri mengde, dersom dei er laga til utan feitt eller med redusert feittmengde. Grønsaker og potet er med på å få opp innhaldet av karbohydrat og bør serverast i rikeleg mengde. Avocado og oliven bør brukast med varsemd.

Mjølk og meieriprodukt

Gruppa meieriprodukt inneheld vanlegvis mykje feitt, og ein bør velje magre produkt framfor feite. Halvfeite produkt kan brukast i avgrensa mengder, til dømes lettmjølk og halvfeit ost. Når ein brukar kremfløyte, seterrømme og andre feite meieriprodukt, må ein sjølvsagt inkludere desse også i den totale mengda per dag.

Matlagings- og spisefeitt

  • Unngå smør/margarin på brødskiva.
  • Vel tillagingsmetodar der ein brukar minst mogleg feitt.
  • 1 ss olje kan nyttast til steiking eller i matlaging for å tilføre essensielle feittsyrer.
  • MCT-feitt kan nyttast – eigen feittype som kan kjøpast på apoteket. Feittet har like mykje energi, men blir brote ned i levra i staden for i tarmen.
Brødskive med cottage cheese. Foto.
På brødskiva bør ein unngå å bruke smør.

Supper og sausar

Grønnsaker og urter til kraft.foto.
Grønsaker og urter som gir ei god og feittfattig kraft.

Vel saus framfor majones og remulade fordi han tilfører mindre feitt. Saus gjer måltida meir smaksrike og tilfører væte/saftigheit til retter, og dette er det ofte behov for når ein utelèt feitt.

Klare supper med grønsaker og kjøt er fint å bruke i kosten. Jamna supper og sausar med lågt feittinnhald kan nyttast. God kraft, som er kokt på bein av kjøt eller fisk og på dei fire store, set ein god smak på saus og supper som er feittreduserte. Når ein har kokt kraft, legg feittet seg som eit lok på toppen. Fjern feittet før du varmar krafta.

Lag saus og suppe ved å jamne krafta eller skumma mjølk med ei mjøljamning. Hugs at sausar som er jamna med mjøljamning treng lengre koketid enn sausar jamna med smør og mjøl.

Mjøljamning

Ved jamning kan ein bruke desse mengdene med kveitemjøl for kvar liter væske:

  • Supper 40 gram
  • Sausar 60 gram
  • Stuing 70 gram
  • Grateng 80 gram

Dessert og kake

Magre dessertar som gjerne er laga på frukt og bær kan nyttast. Kaker som er bakte utan feitt og som blir serverte til nøkkelrådskost, kan òg nyttast i feittredusert kost.

Døme på feittfrie kaker er rullekake, marengs og sukkerbrød fylte med bær og mager vaniljekrem. Gjærbakst som er bakt med lite feitt, kan òg nyttast i kosten.

Hugs

Ved feittredusert kost skal kosten innehalde minimum 40 gram feitt per dag.

Ein må nytte gode råvarer, og velje tillagingsmetodar og krydder som framhevar smaken på maten.

Læringsressursar

Feittredusert kost

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter