Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. VinområdeChevronRight
  5. TysklandChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Tyskland

Tyskland har òg lang tradisjon for vindyrking. Ein går ut frå at det var romarane som innførte vinplanten til Tyskland, så det har vore dyrking i over 2000 år. Det finst mellom anna fleire restar etter romersk busetnad i Moseldalen.

Utfordrande forhold for modning

Kart over vindistriktene i Tyskland. Foto.
Kart over vindistriktene i Tyskland.

Tyskland er det nordlegast vinlandet i Europa og ligg eigentleg så langt nord at det kan vere eit problem å få modne druer. Når det likevel er mogleg til ein viss grad, er det fordi vindistrikta ligg i store dalar langs elvar som Rhinen, Mosel, Saar, Main, Nekcar og Nahe.

Når sola skin, kan det bli ganske varmt i desse dalane. Sola og varmen blir reflektert av vasspegelen og gjer at druene blir modne. I tillegg strør ein gjerne ut skifersteinar mellom drueradene for at varmen skal magasinerast.

Modning og sukkerinnhald

Om druene likevel ikkje skulle bli modne nok, har ein lov å tilsetje sukker i dei tre lågaste klassane i vinloven. Det blir kalla Anreicherung eller Verbesserung (forbetring).

Det med modning og sukkerinnhald i druene betyr så mykje i Tyskland at det er det som er grunnlaget for kvalitetsklassane. Desto meir sukkerinnhald i mosten, jo høgare kvalitet. Sukkermengda i mosten blir gitt opp i Oechslegrader og svarer til eigenvekta på mosten. (Er Oechsle-graden 95, vil det seie at eigenvekta til mosten er 1095.) Det som blir litt skeivt oppi dette, er at alle vinane i den høgaste kvaliteten er søte, mens dei tørre er «taparar». Saman med Austerrike har altså Tyskland heilt andre kvalitetskriterium enn andre EU-land, men sjølve klasseinndelinga er lik Europa elles.

Problemet i Tyskland med låg temperatur kan òg vere ein styrke for landet, for vinane får bra med syre, og det gir friske vinar. Får ein så den rette balansen mellom syre og modnad, gir dette utmerkte vinar, noko som særleg er tilfellet med Riesling-drua.

Vinområd (Anbaugebiete) i Tysklands

Dei regionane som blir rekna som rhinskvin, er frå nord:

  • Mittelrhein
  • Rheingau
  • Rheinhessen
  • Rheinpfalz
  • Nahe, som ligg på eit høgdedrag mellom Rhin og Mosel ved elva med same namnet.

Rhinskvin blir gjerne rekna som litt fyldigare enn moselvin. I Rhin-områda har vinen gjerne blitt tappa på brune høge flasker.

Bortsett frå Mittelrhein har dei fire andre høve til å selje vinar under nemninga Liebfraumilch. Mange trur at dette namnet er ein garanti for kvalitet, men det er ikkje tilfelle. Alt som blir kravd av ein Liebfraumilch, er at det skal vere ein rhinskvin med QbA-kvalitet som skal vere halvtørr og behageleg (lieblich) å drikke. Sjå elles Hessen.

Europas bratteste vingård
Europas brattaste vingard finn vi i Tyskland.

Læringsressursar

Vinområde

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Australia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Frankrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bordeaux

  • SubjectMaterialFagstoff

    Chablis

  • SubjectMaterialFagstoff

    Loire

  • SubjectMaterialFagstoff

    Alsace

  • SubjectMaterialFagstoff

    Champagne

  • SubjectMaterialFagstoff

    Italia

  • SubjectMaterialFagstoff

    Piemonte

  • SubjectMaterialFagstoff

    Veneto

  • SubjectMaterialFagstoff

    Portugal

  • SubjectMaterialFagstoff

    Spania

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rhindalen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Afrika

  • SubjectMaterialFagstoff

    Bulgaria

  • SubjectMaterialFagstoff

    Austerrike

  • SubjectMaterialFagstoff

    Ungarn

  • SubjectMaterialFagstoff

    Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika – Argentina

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sør-Amerika, Chile og Uruguay

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nord-Amerika

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    California - historikk og klimasoner

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vinregionar i Australia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Médoc og Graves

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff