Hopp til innhald

Fagstoff

Tyskland

Tyskland har også lang tradisjon for vindyrking. Ein går ut frå at det var romarane som innførte vinplanta til Tyskland, så dyrking har funne stad i over 2000 år. Det finst mellom anna fleire restar etter romersk busetjing i Moseldalen.

Utfordrande forhold for modning

Kart som viser vindistrikta i Tyskland.

Tyskland er det nordlegaste vinlandet i Europa og ligg eigentleg så langt nord at det kan vere eit problem å få modne druer. Når det likevel er mogleg i ein viss grad, er det fordi vindistrikta ligg i store dalar langs elver som Rhinen, Mosel, Saar, Main, Neckar og Nahe.

Når sola skin, kan det bli ganske varmt i desse dalane. Sola og varmen blir reflektert av vasspegelen og gjer at druene modnast. I tillegg strør ein gjerne ut skiferstein mellom drueradene for at varmen skal bli magasinert.

Modnad og sukkerinnhald

Om druene likevel ikkje skulle bli modne nok, har ein lov til å tilsetje sukker i dei tre lågaste vinklassane ifølgje vinlova. Dette blir kalla Anreicherung eller Verbesserung ("forbetring").

Modnad og sukkerinnhald i druene betyr så mykje i Tyskland at det er det som er grunnlaget for kvalitetsklassane. Jo høgare sukkerinnhald i mosten, desto høgare kvalitet. Sukkermengda i mosten blir oppgitt i oechslegradar, som heng saman med eigenvekta på mosten. (Er oechslegraden 95, vil det seie at eigenvekta til mosten er 1,095.) Ein skeivskap i dette er at alle vinane i den høgaste kvalitetsklassen er søte, mens dei tørre er «taparar». Saman med Austerrike har altså Tyskland heilt andre kvalitetskriterium enn andre EU-land, men sjølve klasseinndelinga er lik den ein har elles i Europa.

Tysklands problem med låg temperatur kan også vere landet sin styrke, for vinane får bra med syre, og det gir friske vinar. Får ein så den rette balansen mellom syre og modnad, gir dette utmerkte vinar, noko som særleg er tilfellet med Riesling-drua.

Tysklands vinområde (Anbaugebiete)

Regionane som blir rekna som rhinskvin, er frå nord:

  • Mittelrhein
  • Rheingau
  • Rheinhessen
  • Rheinpfalz
  • Nahe

Nahe ligg på eit høgdedrag mellom Rhinen og Mosel, ved elva med same namn.

Rhinskvin er ofte litt fyldigare enn moselvin. I Rhin-områda har vinen gjerne vorte tappa på brune, høge flasker.

Bortsett frå Mittelrhein har dei fire andre regionane høve til å selje vinar under nemninga liebfraumilch. Mange trur at dette namnet er ein garanti for kvalitet, men det er ikkje tilfelle. Alt som krevst av ein liebfraumilch, er at det skal vere ein rhinskvin med Qba-kvalitet som er halvtørr og behageleg (lieblich) å drikke.

Foto av vinmarker som ligg i bratte skråningar ned mot ei elv.
Opne bilete i eit nytt vindauge
CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet .
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Tyskland