Hopp til innhald

Fagstoff

Rhindalen

I Rhindalen finn vi vindistrikta Rheingau, Rheinpfalz, Rheinhessen og Nahe.
Foto av landsbyen Bacharach med elva Rhinen og skrånande åssider i bakgrunnen.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Rheingau

Kart som viser vinområde langs Rhinen.

Rheingau er eit av dei minste distrikta i areal, men eit av dei store når det gjeld kvalitet. Ved Rheingau gjer elva ein sving slik at området ligg sørvendt (får mykje sol) og godt verna mot nordavind. Dette saman med godt jordsmonn gir ypparlege dyrkingsforhold. Her finn vi derfor nokre av Tysklands best kjende slott og vinmarker, som Schloss Vollrads, Schloss Johannisberg og Kloster Eberbachs Steinberg. Ein svært kjend vinby er Rüdesheim.

Det er særleg Riesling-drua som gjer seg gjeldande. Nokre av dei beste produsentane har slått seg saman i eit charta-forbund der føremålet er at vinane skal vere dei beste i regionen. Dei nyttar berre Riesling-drua, og vinen må gjennom svært strenge analysar og smakstestar før han kan marknadsførast som charta-vin. Generelt kan vi seie at vinar frå Rheingau balanserer godt mellom fastleik, fylde og fin friskleik.

Rheinpfalz

Distriktet Rheinpfalz ligg rett over elva frå Rheingau og strekkjer seg frå byane Bingen og Mainz ned til Worms med si Liebfrauenkirche. Det er eit av distrikta med størst produksjon, ikkje minst på grunn av ei rekkje store liebfraumilchprodusentar, til dømes Madonna, Blue Nun og Black Tower. Dessutan er Nierstein og Oppenheim kjende namn på pollistene.

Namnet liebfraumilch har opphavet sitt i vinmarkene rundt Liebfrauenkirche ("Vår kjære frue kyrkje") i Worms. Med «vår kjære frue» blir det sikta til jomfru Maria. Ved sidan av kyrkja låg det eit munkekloster der munkane laga vin, og dei blei kalla Liebfrauminch. Endinga har sidan endra seg frå minch (ein variant av mönch, som betyr "munk") til milch, og det har vist seg at nemninga «jomfrumjølk» har vorte eit mykje betre salsobjekt enn «munkevin».

Generelt sett kan vi seie at vinane har god fylde og bouquet og er meir robuste enn dei elegante vinane frå Rheingau og Mosel. Det blir nytta fleire typar druer, men Müller-Thurgau og Sylvaner blir mest nytta, dessutan Riesling og Scheurebe med fleire. I tillegg til halvtørre liebfraumilch blir det etter kvart produsert ein god del brukbare tørre vinar, og sjølvsagt også søtare vinar.

Rheinhessen

Frå Rheinpfalz går vi rett over i Rheinhessen, som er eit anna av distrikta med størst produksjon. Generelt er vinane halvtørre, fyldige, robuste og gjerne alkoholrike, men det blir også laga ei rekkje absolutt brukbare tørre og søte vinar. Det blir i tillegg produsert noko raudvin av druene Spätburgunder, Dornfelder og Blauer Portugieser. Til kvitvin nyttar ein også her Müller-Thurgau, Sylvaner, Riesling, Kerner og Scheurebe med fleire. Kjende vinbyar er Bad Dürkheim, Deidesheim og Neustadt.

Nahe

Dreg vi opp i høgdedraga vest for Rheinhessen, kjem vi til Nahe, som er litt større enn Rheingau i areal. Distriktet ligg mellom Rhinen og Mosel, og vinane herfrå kan seiast å ha noko frå begge desse områda. Dei har Mosels friske syre, fylden til Rheinhessen og til ein viss grad elegansen til Rheingau òg. Mykje nytta druer er Müller-Thurgau, Riesling, Sylvaner, Kerner og Bacchus. Bad Kreuznach og Schlossböckelheim er kjende vinnamn.

CC BY-NC-SASkrive av AS Vinmonopolet og Ketil Lyngvær.
Sist fagleg oppdatert 18.05.2021

Læringsressursar

Vinområde i Tyskland