1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. DrikkevarerChevronRight
  4. Alkoholfritt ChevronRight
  5. Alkoholfritt/alkoholsvaktChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Alkoholfritt/alkoholsvakt

Ifølgje alkoholloven er ei bedrift med alkoholservering òg pliktig til å ha eit rimeleg utval med alkoholfrie drikkevarer. Skal vi vise gjestene riktig respekt og gjestfridom, bør vi ha alkoholfrie alternativ.

To glas og to flasker med alkoholfri snaps. Foto.
Alkoholfri snaps.

Å tilby gjesten mineralvatn i staden for raudvin er ikkje eit alternativ, men ei dårleg erstatning. Eit alternativ bør vere mest mogleg likt det alkoholhaldige tilbodet. Det er ikkje i alle tilfelle det er gode alternativ, men vi bør bruke dei som finst.

Vin

Når det gjeld vin, har vi tre grupper: alkoholsvake, avalkoholiserte og alkoholfrie drikkar.

Ifølgje alkoholloven blir ikkje drikkar under 2,5 prosent rekna som alkoholhaldige når dei blir serverte til personar over 18 år. Dei alkoholsvake vinane er derfor vanlegvis under 2,5 prosent alkohol. Dei kan vere laga på forskjellige måtar, men ofte er det vanleg vin som blir tynna ut med destillert vatn, fruktsaft eller avalkoholisert vin. Desse er gode alternativ, men altså ikkje alkoholfrie. Ein annan type er druesaft som har gjennomgått ei ganske kort gjæring. Men ettersom gjæringstida er så kort, vil det vere ein god del sukker igjen, og dei blir forholdsvis søte.

Også dei avalkoholiserte vinane blir framstilte på forskjellige måtar. Før var det vanlegast å bruke ein oppvarmingsmetode. Prinsippet blir det same som ved destillasjon, der alkoholen fordampar før dei andre stoffa. Oppvarminga av vinen vil likevel gå noko ut over kvaliteten på vinen, så for å dempe dette blir han gjerne søta litt. Han vil derfor vere halvtørr eller litt søtleg.

Dei beste alternativa er dei vinane som er gjorde alkoholfrie ved omvend osmose. Dette er ein spesiell filtreringsteknikk der vatn og vin blir køyrde i parallelle leidningsnett, og alkoholmolekyla blir trekte ut av vinen. Dette er på si side ein ganske kostbar prosess.

Uansett kva for ein av desse metodane som blir brukt, vil det vere litt alkohol igjen. For det første er det vanskeleg å få vekk den siste resten. For det andre vil ein ha litt alkohol igjen for at vinen skal vere litt «vinøs» som ein kallar det. Litt alkohol vil gi vinsmak og vere annleis enn rein druesaft. Det er lovleg å ha inntil 0,7 prosent alkohol sjølv om drikkevara blir seld som alkoholfri.

Dei heilt alkoholfrie drikkane er drue- og fruktsaft som ikkje har gjennomgått noka alkoholgjæring. Desse er som oftast søte. Nokre går kanskje til dessert, men kan elles brukast til kosedrikk som ei erstatning til sterkvin.

Dei alkoholfrie vinane kan ein få som raude, kvite, rosé eller musserande. Det finst òg nokre alternativ til sterkvin. Dei fleste er best å drikke når dei er avkjølte, men dei beste raude kvalitetane kan drikkast i romtemperatur.

Øl

Skatteklasse A (0-0,7%)

Skatteklasse A er alkoholfritt øl som Munkholm og Clausthaler. Ølet har gjennomgått ei svært kort gjæring og minner om pilsnerøl, men har litt søtsmak.

Vørterøl er eigentleg ikkje øl og har ikkje gjennomgått ei gjæring. Vørter er den væska vi får før ølet går til gjæring.

Skatteklasse B Lettøl (light) (0,7-2,75%)

Lettøl (light), skatteklasse B, ligg vanlegvis på 2,3 prosent alkohol. Ølet er lett og friskt og minner meir om pilsner enn det i klasse A.

Mineralvann

Her i landet kallar ein gjerne all kolsyrehaldig tørstedrikk for mineralvatn, men eigentleg er det feil. Mineralvatn er som namnet seier, vatn med mineral (natrium, kalsium, kalium, magnesium, brom, jod, fosfat og ei rekkje andre). Vi skil mellom naturleg og tilsett mineralvatn. Det naturlege tek opp i seg diverse mineral når det renn gjennom jord og stein. Kjende merke her er Farris, Ramlösa og Perrier. Det andre er vanleg, reinsa vatn som på tapperiet blir tilsett mineral: soda og tonic water.

Sammenstilling av tre bilder. Det første inneholder halvlitersflasker med brus. Det andre et glass med brus, isbiter og sugerør. Det siste bildet inneholder halvlitersflasker med vann. Kollasj.
Brus er nemninga på søta, kolsyrehaldig drikk: Solo, Coca-Cola, Fanta, Sprite og sitron-, appelsin- og andre typar. Dette er vatn med sirupskonsentrat, kunstig farge og kolsyre.

Ein annan type er kolsyrehaldige fruktsafter som Mozell og Sider. Desse kan ha bakgrunn frå éi frukt, for eksempel eple, eller vere ei blanding av fleire typar fruktsaft. Nokre av desse kan ha inntil 0,7 prosent alkohol.

Sammenstilling av tre bilder der det første inneholder glassflasker med eplemost, det andre et stettglass med appelsinjuice og det tredje mange stettglass med cider. Kollasj.

Læringsressursar

Alkoholfritt

SubjectEmne

Fagstoff