Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. SkaldyrChevronRight
  5. Skaldyr i norske farvatnChevronRight
  6. KamskjelChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kamskjel

Stort kamskjel er den største av dei norske kamskjelartane og vert gjerne berre kalla kamskjel. Det finst frå eit par meters djupn og ned til fleire hundre meter, men dei største førekomstane finn vi på 10–30 meters djupn.

Kamskjell. Foto.

Kamskjel lever ofte på sandbotn i små fordjupingar med det flate overskalet dekt av sand, men det finst òg på andre botntypar. Kamskjelet er tvikjønna. Gytinga skjer i sommarhalvåret, og larvane sym fritt i cirka ein månad før dei fester seg til eit fast underlag.

Yngelen sit fast til han slepper seg ned på botnen når han er ca. 10–15 mm stor. Skjela bruker fire–fem år på å nå ein salsstorleik på 10–12 cm.

I dag vert det forska på å utvikla kamskjeldyrking som næring. Kamskjel vert klekte kunstig i klekkeri og dyrka vidare i kassesystem i sjøen før dei vert sette ut på havbotnen.

Fangst og fangstreiskap

I Noreg vert kamskjel stort sett hausta ved dykking. Andre land driv med skraping av kamskjel, noko som er mindre aktuelt i Noreg på grunn av ulendte botnforhold. Meir raffinerte metodar og utstyr for å plukke kamskjel frå botnen kan verta aktuelt.

Bruk

Kamskjel vert selde ferske, som frosne gratinerte, frosne musklar eller musklar i lake. Dei kan etast rå, lett dampa, steikte eller gratinerte og vert gjerne serverte i det dekorative skalet sitt.

Renset lukkemuskel av kamskjell servert i skjell. Foto.
Den lekre lukkemuskelen er servert – i eigen tallerken.

Næringsinnhald

Kamskjel er mager mat, men har likevel svært høg del av omega-3-feittsyrer.

Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no

Les om næringstoffer i sjømat frå Havforskingsinstituttet på hi.no

Kamskjel

Hugselappen

Sesong

Det er sesong for kamskjel heile året, men kamskjel har rogn berre delar av året, avhengig av landsdel.

Utbreiing

Finst i ytre strøk frå Oslofjorden til Vesterålen, med dei største førekomstane frå Vestlandet til Nordland.

Storleik

Opptil 17 cm i diameter.

Med andre ord

Latin: Pecten maximus

Engelsk: Great scallop

Fransk: Coquille St. Jacques

Tysk: Kamm-Muschel

Læringsressursar

Skaldyr i norske farvatn

SubjectEmne

Fagstoff