Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. Korn og bakingChevronRight
  5. Undervisningsfilmar om baking ChevronRight
  6. BakarspråketChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Bakarspråket

Bakarspråket

Filmen handlar om ulike arbeidsmetodar knytte til baking. Metodane blir demonstrerte og forklarte gjennom tydeleg bruk av omgrep.

Spørsmål

  1. Kva er meint med utmalingsgrad?
  2. I filmen blir sikta kveitemjøl nemnt. Prøv å finne ut kva sikta mjøl er for noko.
  3. Kva skjer under elteprosessen?
  4. Kva konsekvensar har det for elteprosessen om du bruker fint eller grovt mjøl?
  5. Korleis kan du sjekke konsistensen på deigen?
  6. Kva skjer under liggjetida?
  7. Kva er forskjellen på emne og oppslag?
  8. Kvifor er det viktig at emna blir vegne?
  9. Forklar omgrepet raske.
  10. Kva ingrediensar påverkar hevinga?
  11. Kvifor er det best å bruke rugmjøl dersom ein skal strø mjøl over brødet før steiking?
  12. Kvifor blir bakst snitta før steiking?
  13. Kva blir ein herteomn til?
  14. Varme bakevarer blir pakka i papir. Kvifor?

Praktisk oppgåve

Lag ein gjærdeig, og del han i to. Hev den eine halvdelen i raskeskap og den andre under klede på bakebordet. Beskriv forskjellen på hevinga.

bilde av et fullkornsmørbrød
Fullkornsmørbrød

Læringsressursar

Undervisningsfilmar om baking

SubjectEmne

Fagstoff