1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. GrønsakerChevronRight
  5. Grønsaker tillagingsmetodar – temaoppgåveChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Grønsaker tillagingsmetodar – temaoppgåve

Dette er ei oppgåve der du må bruke kunnskapane dine om forskjellige tillagingsmetodar for grønsaker og om forskjellige grønsaker og eigenskapane deira.

Grillede grønnsaker. Foto.
Grilla grønsaker

Målet med denne oppgåva er at du skal

  • vise at du kan nytte forskjellig tillagingsmetodar for grønsaker
  • vite kva for bruksområde dei forskjellige grønsakene har

Informasjon til oppgåvene

Klassa blir delt inn i grupper på 3 eller 4. Den teoretiske oppgåva skal løysast som ei kombinert skuleoppgåve og heimearbeid. Den praktiske oppgåva skal løysast på skulen.

Teoretisk oppgåve:

De skal setje opp tre hovudretter til ein à la carte-meny. Kvar rett skal ha tre forskjellige grønsaker som garnityr, og dei skal lagast til på forskjellige måtar. De vel sjølve om de vil bruke kjøtt eller fisk som hovudråvare. De må skrive oppskrifter til alle dei tre rettene. De skal berekne mengd etter 4 personar.

Praktisk oppgåve:

Gruppene lagar ein av hovudrettene frå den teoretiske delen. Kvar hovudrett skal bereknast til 4 personar.

Kvar gruppe dekkjer sitt bord til 4 gjester.

Etter avtale med læraren skal de servere alle rettene til prøvesmaking. Som oppsummering av undervisningsøkta skal kvar gruppe forklare framgangsmåten for sine grønsakretter for resten av klassa.

De må avtale tidspunkt for måltidet med læraren.

Vurdering:

De blir vurderte etter

  • smak og konsistens på grønsaktillagingane
  • kor eigna tillagingsmetoden er til grønsakene

Læringsressursar

Grønsaker