Hopp til innhald

  1. Home
  2. Kokk- og servitørfag Vg2ChevronRight
  3. Råvarer og produksjonChevronRight
  4. KjøtChevronRight
  5. Undervisningsfilmar om kjøtChevronRight
  6. Utbeining av kyllingChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Film og filmklipp

Utbeining av kylling

Ein kylling kan lagast til heil eller i mindre stykke. Denne filmen viser korleis vi skjer ned kylling i stykkingsdelar. Då sit vi att med venger, lår, bryst og skrog. Filmen fortel også kva vi kan nytte dei forskjellige delane til.

Instruksjon om korleis ein deler opp ein kylling, og forklaring av kva dei forskjellige delane kan nyttast til.

Oppdeling

Det er ikkje vanskeleg å dele ein kylling, men for at resultatet skal bli best mogleg, bør du ha ein skarp, spiss kniv.

  • Kylling delt i to: Skjer ned langs brystbeinet, brett godt ut og skjer langs ryggbeinet på begge sider.
  • Kylling delt i fire: Del der det er naturleg mellom bryst og lår.
  • Kylling delt i åtte: Låra deler du best ved å skjere i leddet. Bøy litt på beinet, så finn du leddet lett. Bryststykket deler du berre over på midten.
  • Utskjering av lår: Press låret ut frå skroget til leddet knekk. Del over leddet, og låret er laust.
  • Utskjering av brystfilet: Ta utgangspunkt i ein heil, rå kylling. Skjer eit snitt langs brystbeinet, og la kniven følgje skroget ned mot venga. Lag eit snitt som går over vengebeinet, slik at brystfileten lett kan skjerast ifrå. Fjern skinnet. Dersom oppskrifta er «kyllingbryst», let du skinn og vengebein sitje på.
Plansje som gir oversikt over stykkingsdelar på ein kylling. Øvst på plansjen står overskrifta «Kylling. Oppdelingsguide». I midten er ein illustrasjon av eit kyllingskjelett. Frå skjelettet går det stipla linjer ut frå dei delane av kyllingen der vi finn høvesvis bryst, venge og lår. Linjene endar ved bilete av dei respektive tilsvarande stykkingsdelane – bryst, venge og lår. Kring biletet av brystet er det mindre bilete av kyllingfilet med skinn, kyllingfilet utan skinn, kyllingfilet i skiver og kyllingfilet i strimlar. Kring biletet av venga er det mindre bilete av vengeklubber og kyllingvenger. Kring biletet av låret er det mindre bilete av overlår, lårfilet og kyllingklubbe. I tillegg til dette er det bilete av ein heil kylling og av ein klump kyllingkjøtdeig. Kollasj.

Klikk på illustrasjonen av kylling på sidene til Matprat for å lære meir om dei ulike stykkingsdelane.

Læringsressursar

Undervisningsfilmar om kjøt

SubjectEmne

Fagstoff