Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Grupper og kommunikasjonChevronRight
  4. Kommunikasjon ChevronRight
  5. Eg-bodskap og du-bodskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Eg-bodskap og du-bodskap

I hovudsak er ein eg-bodskap betre enn ein du-bodskap. Du-bodskapen skaper ofte avstand og gir mottakaren ei kjensle av å bli verbalt angripen, medan ein eg-bodskap oftare seier noko om eigne behov og eigen reaksjon.

Sint voksen kjefter på et barn på trehjulssykkel. Foto.

Om eit barn har teke noko eg har sagt det ikkje skal ta, så kan eg seie: «Eg liker ikkje at du ikkje høyrer på meg. Eg sa du ikkje skulle ta det. Eg er redd for at det skal bli øydelagt, og eg treng det for å gjere ferdig ...». Dette er ein eg-bodskap der eg snakkar om meg sjølv og korleis eg opplever situasjonen, kva eg sjølv har gjort, og mine eigne behov.

Nagativ og dømmande

Ein du-bodskap kunne vere: «Du er heilt umogleg, for du høyrer aldri på meg.» Kjenneteiknet på ein du-bodskap er at vi seier noko negativt og dømmer den andre.

Dette betyr også at vi må skilje mellom barnet og visse ting barnet gjer. Om barnet for eksempel slår eller tek noko frå eit anna barn, er det viktig at vi snakkar om det barnet har gjort, og for eksempel seie at det ikkje er lov å slå, og at det gjer vondt.

Det vi bør unngå å gjere, er å dømme sjølve barnet ved å seie at «no var du slem» eller liknande. Denne typen negativ du-bodskap om barnet er med på å svekkje relasjonen mellom oss og barnet, og det gjer det vanskelegare for oss å endre den negative åtferda. Det kan også svekkje sjølvtilliten til barnet og viljen barnet har til å samarbeide med oss.

Sitat

"Ingen er nødt til å være flink, men ingen kan slippe å være god." (Jean-Louis Guez de Balzac; ordtak.no)

Utfordringar til deg

  1. Forklar kva ein eg-bodskap er.
  2. Forklar kva ein du-bodskap er.
  3. Gi eksempel der du bruker eg-bodskap og du-bodskap når eit barn har teke ei leike som tilhøyrer eit anna barn.
  4. Korleis tolkar du sitatet til Jean-Louis Guez de Balzac?

Læringsressursar

Kommunikasjon

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Ekstern læringsressurs