Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. Pedagogisk verktøyChevronRight
  4. ObservasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Observasjonsmetodar

Det finst mange ulike observasjonsmetodar og eit utal skjema og tabellar til bruk når ein observerer. Mange skular og barnehagar har utvikla eigne skjema som dei bruker.

Ulike skjema

Det er ikkje slik at eit skjema nødvendigvis er betre enn eit anna, men det er viktig å finne det skjemaet som passar for den personen som skal observere.

Val av metode og skjema må vere slik at du får observert det du faktisk treng kunnskap om. Under finn du eksempel på ulike former for observasjon. Oversikta er ikkje dekkjande, sidan talet på metodar og skjema er stort. Du bør prøve ut nokre av desse metodane og vurdere kva verdi dei kan ha i arbeidet ditt.

Løpande protokoll

Dette liknar mykje på loggbok, men her er det sjeldan vi observerer meir enn nokre få barn, gjerne berre eitt.

Løpande protokoll blir av mange rekna som ei krevjande form for observasjon. Det er vanleg å bestemme seg for eit område vi skal observere, for eksempel grovmotorikken til eit barn. Du observerer nøyaktig det barnet gjer, ofte berre i to til tre minutt om gongen.

Skjema til løpande protokoll ligg som vedlegg på denne sida.

Dagbok

Dagboka blir brukt til å skrive ned det som har skjedd gjennom ein dag. Det er lurt å bestemme på førehand kva du skal observere, men du kan også notere ned det du meiner er viktig. Dagboksnotat blir ofte brukt som førebuing til foreldresamtalar og andre samtalar om eit barn.

Loggbok

Loggboka kan brukast til å observere enkeltbarn eller grupper med barn. Ho kan vere ei kladdebok der personalet kontinuerleg noterer ned det som skjer. Det kan også vere ein perm med eit skiljeark for kvart barn. Av og til vel vi å observere fritt, men ofte kan det vere lurt å avgrense observasjonen til visse område. Dersom fleire personar skal notere i same loggboka, må dei bli einige om oppbevaring og koding, slik at boka ikkje blir liggjande tilgjengeleg for andre enn dei som jobbar i institusjonen.

Aktivitetsskjema

Dette er ein metode som eignar seg når ein ønskjer å finne ut kor ofte eit barn skiftar frå ein aktivitet til ein annan. Gjer vi mange slike observasjonar av det same barnet over ein periode, får vi også eit inntrykk av kva barnet liker å halde på med.

Ein annan måte å bruke aktivitetsskjemaet på, er ved å registrere kor mange barn som deltek i ulike aktivitetar. Dette kan vere ein viktig reiskap når du skal planleggje aktivitetar for barn.
Det finst mange ulike aktivitetsskjema, frå dei heilt enkle der du berre kryssar av, til meir avanserte.

Sosiometri

Sosiometri er ein observasjonsmetode som kan brukast for å undersøkje forholdet mellom fleire personar i ei gruppe. Du kan også registrere kven som tek kontakt med kvarandre utan å bruke ord. For eksempel kan du sjå om det er barn som ikkje blir inkluderte i gruppa, altså som ingen kontaktar eller snakkar til.

Her finn du eksempel på ulike skjema til bruk i observasjonsarbeidet.

Dag- og loggbok

Dagbok og loggbok som verktøy i observasjonar

DAGBOKSNOTAT
Gut: (År, md.)
Jente: (År, md.) Dato for observasjonen:
Kort skildring av korleis denne dagen har arta seg for barna:
Notatet: Bruk stikkord for å skildre korleis barnet har hatt det denne dagen. Du kan t.d. ta med kven det har leika saman med, kva humør det har vore i, matlyst, spesielle hendingar osv.
Signatur til observatøren:


Kva er dei sterke og svake sidene ved loggboka som observasjonsreiskap?

O

O

LOGGBOK
Namn: F:
Adresse: Tlf:
Byrja i barnehagen/SFO:
Dato Skildring av situasjon eller hending Signatur

Sosiometri

Du nyttar pildiagrammet under sjølve observasjonen:

PILDIAGRAM B C D E
A
F G H I

Når du skal telje opp kor mange som tek kontakt, og kven som vender seg til kven, nyttar du dette ruteskjemaet:

PS! A B C D E F G H I Sum
A
B
C
D
E
F
G
H
I
Sum

Bortover (vassrett) noterer du alle gongene til dømes A tek kontakt med B, C, D og så vidare. Summen for A blir då kor mange gonger A tek ordet. Når du summerer nedover (loddrett), får du kor mange gonger ein person er blitt kontakta av dei andre. Når du har fått oversikta, skriv du ein fyldig kommentar som blir avslutta med forslag til tiltak for å betre det sosiale miljøet i gruppa.


Aktivitetsskjema

Aktivitetsskjema

AKTIVITETSSKJEMA
Gut: (År, md.)
Jente: (År, md.) Dato: Frå kl.: Til kl.:
SYMBOL KOMMENTARAR
Signatur frå observatøren:
Eksempel på symbolbruk:
+ Byggjeleik O Funksjonsleik * Rolleleik
|| Parallelleik P Passiv % Konfliktar
S Samtale L Les i bok e.l. ? Kontakt med vaksne

Utfordringar til deg

Prøv ulike observasjonsmetodar anten i ei barnegruppe eller ved å bruke klassen.

Læringsressursar

Observasjon

SubjectEmne

Fagstoff