Hopp til innhald

Fagstoff

Observasjonsmetodar

Det finst mange ulike observasjonsmetodar og mange skjema og tabellar til bruk i observasjonane. For å kunne bruke observasjon som eit hjelpemiddel i det pedagogiske arbeidet treng du kunnskap om ulike metodar og å øve deg på desse metodane.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Heilskapleg bilete

Vi observerer for å få informasjon som kan gi oss forståing av barnet, barnegruppa og dei samanhengane dei inngår i, og for å vurdere korleis vi kan legge til rette for trivsel og hjelp og støtte til utvikling og læring. Ulike observasjonsmetodar vil gi oss ulik informasjon.

Vil vi få ei forståing av kva barnet meistrar, vel vi éin type observasjonsmetode. Ønsker vi å få ei forståing av korleis barnet opplever situasjonen, eller korleis samspelet mellom barna, mellom barna og dei vaksne eller mellom barna og miljøet er, må vi kanskje bruke ein annan observasjonsmetode.

Du må velje observasjonsmetode ut frå kva informasjon du meiner kan gi deg størst mogleg forståing av barnet og dei prosessane det inngår i. For å få eit så heilskapleg bilete av barnet og barnegruppa som mogleg er det naturleg å bruke fleire og ulike observasjonsmetodar.

Ulike observasjonsmetodar

Under finn du døme på ulike metodar for observasjon. Denne oversikta er ikkje fullstendig, sidan det finst ei rekke metodar og skjema. Du bør prøve ut og øve deg på fleire av desse metodane. På den måten kan du få forståing for dei mogelegheitene og avgrensingane som ligg i den enkelte observasjonsmetoden.

Når du skriv ned observasjonen din, er det viktig å anonymisere deltakarane. Du kan til dømes anonymisere Oline Larsen som er ei jente på fire år og sju månader, ved å skrive O.L. j. 4,7.

Døme på mal for observasjonsskjema

Når du skriv ned observasjonen, er det lurt å skilje mellom kva som er observert, og kva som er tolking:

Døme på observasjonsskjema. Øvst er det plass til å skrive stad, dato og tidsrom for observasjonen. Deretter blir namn og alder på barnet eller barna skrive inn med ein kode. Vidare beskriv ein  kort situasjonen, formålet med observasjonen og namnet på den som observerer. Nedst i skjemaet står starten på ein tabell med to kolonnar. Den første har tittel beskriving og den andre har tittel tolkingar/vurderingar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Episodebeskrivelse

Dette er ein observasjonsmetode som blir brukt når vi vil sjå på noko konkret. Her observerer du litt på utsida av det som går føre seg, og følger nøye med på kva som skjer. Her har du bestemt deg på førehand for kva du vil ha informasjon om. Etter observasjonen skriv du ned det du har observert, så nøyaktig som mogleg. Du noterer òg dato og gjerne klokkeslett og kven som blir observert (anonymisert).

Praksisforteljing

Her beskriv du sentrale og konkrete hendingar frå kvardagslivet. Forteljinga består ofte av opplevingar som du som observatør eller dei som blir observerte, opplever som vesentlege. Det kan vere ulike gleder, dilemma, konfliktar eller utfordringar. Praksisforteljingar blir brukte for å synleggjere praksis. Dei blir brukte som grunnlag for refleksjon og vurdering av det pedagogiske arbeidet.

Logg

I ei loggbok kan du skrive eksakte målingar og registreringar av data eller du kan beskrive hendingar. Loggen kan òg innehalde betraktningar og refleksjonar.

Han kan brukast til å observere enkeltbarn eller grupper med barn.

Loggen kan òg brukast for å beskrive og reflektere over kva du har gjort som elev i løpet av ein praksisdag.

Løpande protokoll

Dette liknar mykje på loggbok, men her er det sjeldan ein observerer meir enn nokre få barn. Det er gjerne berre eit.

Løpande protokoll blir rekna av mange som ei krevjande form for observasjon. Det er vanleg å bestemme seg for eit område ein skal observere, til dømes eit borns grovmotorikk. Du observerer og beskriv detaljert det barnet gjer, ofte berre i to til tre minutt om gongen.

Du lagar sjølv eit enkelt skjema med to kolonnar. I den eine beskriv du kva barnet gjer heilt konkret. I den andre skriv du tolkinga di av kva barnet gjer. Til dømes viss eit barn spring fort og snublar, kan du notere det i kolonnen for beskriving, og under tolking kan du skrive at du kanskje trur dei nye vinterskoa til barnet er litt for store, eller at barnet spring fort bort frå ein situasjon og derfor snublar. Tolking av beskrivingane dine gjer du etter at du har observert. Denne tolkinga kan du bruke for å forandre og vidareutvikle det pedagogiske arbeidet.

Aktivitetsskjema

Dette er ein metode som eignar seg når vi ønsker å kartlegge dei ulike aktivitetane barn deltek i. Gjer vi mange slike observasjonar av det same barnet i ein periode, får vi eit inntrykk av kva barnet liker å halde på med.

Ein annan måte å bruke aktivitetsskjema på er ved å lage eit skjema som registrerer kor mange barn som deltek i ulike aktivitetar. Dette kan vere ein viktig reiskap når du skal planlegge aktivitetar for barn.

Det finst ei mengde ulike aktivitetsskjema, frå dei heilt enkle der du berre kryssar av, til meir avanserte.

Døme på mal for aktivitetsskjema

Døme på aktivitetsskjema. Øvst er det plass til å fylle inn dato, klokkeslett for observasjonen og namnet på den som observerer. Det er vist i alt ni symbol for ulike aktivitetar. Aktivitetane er byggeleik, funksjonsleik, rolleleik, parallelleik, passiv, konfliktar, samtale, lesing, kontakt vaksne. Deretter følger ein tabell med ein kolonne for symbol og ein kolonne for kommentar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Sosiogram

Sosiogram er ein observasjonsmetode som kan brukast for å undersøke forholdet mellom fleire personar i ei gruppe. Du kan òg registrere kven som tek kontakt med kvarandre utan å bruke ord. Her kan du òg registrere om det er positive eller negative førespurnader. Til dømes kan du sjå om det er barn som ikkje blir inkluderte i gruppa, altså som ingen kontaktar eller snakkar til.

Døme på sosiogram

Tre raude og tre blå sirklar med bokstavar inni. Det er teikna inn pilar mellom fem av sirklane. Nokre sirklar har fleire pilar mellom seg. Ein sirkel har ingen pilar. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Når du skal telje opp førespurnadene og kven som vender seg til kven, nyttar du ruteskjemaet som i illustrasjonen under:

Bortover (vassrett) noterer du alle førespurnader som til dømes AV gjer til BM, FL, JLN og så vidare. Summen på AV blir då kor mange gonger AV tek ordet. Når du summerer nedover (loddrett), får du talet på førespurnader ein person får frå dei andre. Når du har fått oversikta, skriv du ein fyldig kommentar som blir avslutta med forslag til tiltak for å betre det sosiale miljøet i gruppa. I dømet under er det lagt til pilar for å gjere tydeleg om det er førespurnader til eller frå barnet.

Initialane til kvart av dei seks barna som er brukte i observasjonsdømet over, er brukte som kolonneoverskrifter øvst og som radoverskrifter til venstre. Talet på førespurnader frå alle barna, og til kven, er fylte inn og summert i siste kolonne og i nedste rad. Illustrasjon.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Filer

Utfordringar til deg

  1. Kvifor treng vi å bruke fleire og ulike observasjonsmetodar for å oppnå forståing av barns liv?

  2. Kva observasjonsmetodar vil du bruke for å finne ut kvifor eit barn ikkje deltek i leik?

  3. Prøv ulike observasjonsmetodar anten i ei barnegruppe eller i klassen.

Kjelde

Frønes, M. H. (2019). Med blikket som redskap. I M. H. Frønes & V. Glaser (Red.), Praksisbok for barnehagelærerstudenten (s. 79–90). Universitetsforlaget.

CC BY-NC-SASkrive av Randi Kvernmo, Gro Nedberg Grønlid, Guri Bente Hårberg, Kjell Arne Standal og Siv Stai.
Sist fagleg oppdatert 22.04.2021

Læringsressursar

Observasjon og feltarbeid