Hopp til innhald

  1. Home
  2. Barne- og ungdomsarbeiderfag Vg2ChevronRight
  3. OppvekstmiljøChevronRight
  4. Kriminalitet og førebyggjande arbeidChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er kriminalitet?

I Noreg, som i dei aller fleste andre landa i verda, har vi noko som heiter kriminell lågalder. Den kriminelle lågalderen er i Noreg sett til 15 år.

Kva er rett og galt?

Kriminalitet er brudd på lover, der den som bryter lovene, kan risikere straff fra offentlige myndigheter.

Det er ikkje lett for små barn å forstå kva som er rett eller gale.

  • Kvifor er det ikkje lov å skrive på veggen utanfor butikken?
  • Kvifor er det ikkje lov å bruke vald?
  • Kvifor er det ikkje lov å ta med seg det ein vil frå butikken?

Alt dette må barn lære. Det er viktig at foreldre og tilsette i barnehagar og skular i fellesskap hjelper barna til å forstå kva som er rett og gale. Her er rolla di som fagarbeidar viktig.

Kvar går grensa mellom kriminalitet, og handlingar ein gjer fordi ein ikkje veit at det ein gjer, er gale?

Grafitti i Botanischer Garten, München. Foto.
Grafitti i Botanischer Garten, München
Grafitti. Foto.
Grafitti

Kriminell lågalder

I Noreg, som i dei aller fleste andre landa i verda, har vi noko som heiter kriminell lågalder. Den kriminelle lågalderen er i Noreg sett til 15 år. Det betyr at personar under 15 år ikkje kan straffast for kriminelle handlingar. Det betyr likevel ikkje at dei kan gjere kva dei vil, men at det finst andre mogelegheiter for å handtere ungdommar som gjer kriminelle handlingar.

Les meir om den kriminelle lågalderen på ung.no.

Her kan du gå direkte til Samfunnsfag sine sider om kriminalitet.

Fengsel er ei sanksjonsform. Kva for nokre andre sanksjonsformer har vi i Noreg i dag?

Om du går til Ung.no og søkjer på kriminalitet, vil du komme til ei side med filmar, oppgåver og tekstar som vil vere til god hjelp når du skal jobbe med dette emnet. Vi anbefaler at du bruker god tid på denne sida.

Utfordringar til deg

  1. Kva er kriminalitet?
  2. Kvifor er det viktig å lære barn forskjellen på rett og gale?
  3. Korleis kan barne- og ungdomsarbeidaren bidra til å lære barn forskjellen på rett og gale?
  4. Er du kriminell dersom du køyrer for fort og
    • blir stoppa av politiet
    • ikkje blir oppdaga
    • har barn med deg i bilen, men ikkje blir stoppa
  5. Gjer deg kjend med sidene til samfunnsfag om kriminalitet.
  6. Gjer deg godt kjend med temaet kriminalitet på sidene til ung.no.
  7. Lag ein informasjonsfilm eller ei side om den kriminelle lågalderen.
  8. Bruk sidene til Statistisk sentralbyrå og finn ut kva for nokre typar lovbrot som blir melde oftast.
  9. Kva tankar får du når du ser bileta på sida? Diskuter med medelevar.
  10. Søk på kriminalitet på nettsidene til Statistisk sentralbyrå. Vel ut nokre sider som du synest er av interesse. Diskuter desse med resten av gruppa di.
  11. På YouTube kan du finne ei rekkje filmar om kriminalitet, og mange av desse er skuleprosjekt. Lag din eigen film om emnet.

Læringsressursar

Kriminalitet og førebyggjande arbeid

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter