Hopp til innhald

  1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. StilhistorieChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Street art og den anonyme kunstnaren

Du har sikkert sett gatekunst fleire stader. Gatekunst, eller det som blir kalla street art på engelsk, er fellesnemninga på biletkunst oppført i det offentlege rom. Nokre gonger er det rein dekor, mens andre gonger er det meint å kommunisere politiske eller sosiale bodskapar til folk på gata.

To personer sitter i an bakgate. Foto.

Street art er som oftast ikkje ønskt eller bestilt av dei som eig dei flatene som blir dekorerte. Mykje gatekunst er derfor ofte ulovleg oppført. For å unngå problem med politiet er dei fleste gatekunstnarar anonyme, og dei opererer med pseudonym, kallenamn, når dei signerer verka sine.

Denne anonymiteten gir gatekunsten ei form for mystikk. Det kan vere vanskeleg å vite kven som har laga kunstverka, og kva dei tyder.

Vanlege teknikkar for gatekunst er graffiti – anten ved frihandsteknikk eller gjennom sjablongar. Andre gatekunstnarar set opp klistremerke og plakatar eller lagar måleri på ulike typar flater i bybiletet. Nokre jobbar også tredimensjonalt og lagar installasjonar og skulpturar.

Gatekunst av et fargerikt hjerte på en vegg. Foto.
Kva kan det tenkjast at den som laga dette gatekunstverket ønskte å seie?

Banksy – den anonyme kunstnaren

Gatemaleri på murvegg av gutt som slåt med slegge på en brannhydrant. Foto.

Banksy blir reknasom den mest kjende gatekunstnaren i verda. Han jobbar med sjablongar og spraymåling. Truleg bruker han og mange andre gatekunstnarar den metoden fordi det er raskare å bli ferdig på den måten enn på frihand. Då er det mindre sjanse for å bli oppdaga og avslørt.

Banksy er kjend for å kommentere samfunnet vi lever i, med politiske og humoristiske bodskapar. Ofte er bodskapen retta mot krig, mot kapitalisme, mot det etablerte samfunnet eller for fridom.

Bruk av biletelement i arbeida hans inkluderer dyr som aper og rotter eller politi, soldatar, barn og eldre. Sjølv om det han lagar, ikkje er bestilt eller lovleg oppført, er fleire av verka hans blitt auksjonerte bort av det velkjende auksjonshuset Sotheby’s til ekstreme summar.

Andre av verka hans er vortne sette på som vandalisme og er dekte til eller måla over.

Gatekunst av Banksy på vestbredden, politi åpner muren. Foto.
Eitt av fleire verk Banksy har laga, som oppfordrar til fred i konflikten mellom israelarar og palestinarar. Dette er laga på ein mur på Vestbreidda.

Læringsressursar

Stilhistorie

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Læringssti

SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Renessansen

  • SubjectMaterialFagstoff

    Barokken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokko

  • SubjectMaterialFagstoff

    Klassisisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Romantikken

  • SubjectMaterialFagstoff

    Historisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Deco

  • SubjectMaterialFagstoff

    Retrodesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Popdesign

  • SubjectMaterialFagstoff

    Kunst i det gamle Egypt

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Pompeii

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hagia Sofia

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Hva er en stavkirke?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Urnes stavkyrkje

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Nidarosdomen: Spissbue eller gotisk bue

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    St. Denis

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funn fra norsk middelalder

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Sølv i Renessansen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Manierismen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Seinbarokk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Porselen i barokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Utskjæringer i tre og elfenben i senbarokken

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkotida

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Rokokkostolar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interiør, bruksgjenstander og klær på 1700-tallet

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Den franske revolusjonen sin innverknad på stilhistoria

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Art Nouveau

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Modernisme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Internasjonal stil i arkitekturen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Funksjonalistisk arkitektur

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Interesse for Art Deco

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Skandinavisk kitch

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Popkunsten

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ellinor Flor om moter

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Ekornesbua

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Kildemateriale