1. Home
  2. Design og håndverk Vg1ChevronRight
  3. Kvalitet og dokumentasjonChevronRight
  4. DokumentasjonChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Dokumentasjon

Ein viktig del av design og håndverksfag er å lære å dokumentere og kvalitetssikre eigen produksjon og kompetanse. Dette vil du ha bruk for når kjem ut i arbeidslivet.

To bloggere ser på bilder på digitalt kamera. Foto.

Under opplæringa skal dokumentasjonen først og fremst nyttast til vurdering og karaktersetjing, til framlegging for andre elevar. Når du seinare skal ut i arbeidslivet, vil dokumentasjonen vere nyttig å vise til når du skal søkje jobb. Det er store skilnader mellom dei ulike yrkesfaga i forhold til korleis du best dokumenterer læringsprosessen. For nokre oppgåver er det sjølve resultatet som er det viktigaste å dokumentere, mens det for andre arbeidsoppgåver kan vere idéutviklingsprosessen som er det viktigaste.

Arbeidsprosess

Du må kunne lage enkle skisser og arbeidsteikningar, og gjerne finne bildemateriale i aktuell faglitteratur eller på nettet. Arbeidsteikningane bør du kunne bruke i samband med sjølve produksjonsprosessen. Og dersom dei ikkje er laga i målestokk 1:1, må proporsjonane vere riktige i forhold til det ferdige resultatet. I mange arbeidsprosessar kan det vere aktuelt å gjere bruk av tredimensjonale skisser i form av enkle modellar. Når du skal presentere resultatet av arbeidsprosessen for andre, er det viktig at du kan vurdere og grunngi korleis arbeidsteikningane og annan relevant dokumentasjon var medverkande til å forme det endelege resultatet slik det er blitt.

Dokumentasjon av ei oppgåve

Følgjande punkt bør vere med i dokumentasjonen av ei konkret arbeidsoppgåve:

  1. Grunngjeving for val av arbeidsoppgåve.
  2. Planane for arbeidet slik dei blei lagde med framdriftsplan, arbeids- og ansvarsfordeling, val av materialar og teknikk, arbeidsskisser og tekniske teikningar.
  3. Sentrale punkt i gjennomføring av sjølve arbeidsprosessen, herunder forholdet til HMS-tiltak og vurderingar som blei gjorde undervegs i prosessen.
  4. Korleis det ferdige resultatet av arbeidsprosessen ser ut i forhold til dei opprinnelege planane, gjerne med ei konkretisering av viktige avvik. Dersom de i ettertid ser at noko med hell kunne vore gjort heilt annleis, er dette viktig å få med i dokumentasjonen.
  5. Og til slutt oppsummerer du kva du har lært av prosjektet, og kva du kan ha nytte og glede av i forhold til ditt framtidige yrkesval.

Oppgåvetypen avgjer kva du bør legge mest vekt på i dokumentasjonen din. Som regel er det viktig å gjere greie for: Form, farge, dekor, komposisjon, materiale, teknikk, funksjon, presentasjon og pris.

Digital dokumentasjon

Korleis dokumentasjonen reint teknisk skal utarbeidast og lagrast, er ikkje heilt avgjerande. Men det er mange grunner til at dette bør gjerast digitalt på ein PC. Ikkje minst fordi dette i stadig større grad blir den arbeidsreiskapen du vil nytte for å dokumentere arbeidsoppgåvene dine i yrkeslivet. Rapporten kan vere skriftleg med skisser og arbeidsteikningar, eller den kan presenterast gjennom bilde, video og lydopptak. Slik kan du også kombinere å lage tredimensjonale modellar, som kan vere gode å ha under utstillingar og andre visingar, med digital lagring.

Læringsressursar

Kvalitet og dokumentasjon

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter