Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. HMS og førstehjelpChevronRight
  4. HMSChevronRight
  5. HMSChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

HMS

Helse, miljø og sikkerheit (HMS) er vesentlege for alle bedrifter, store eller små. Ein triveleg, trygg og sikker arbeidsplass er eit godt utgangspunkt for lønnsemd. Det er derfor ikkje noko motsetningsforhold mellom (HMS) og god lønnsemd.

Kokker i samtale på kjøkkenet. Foto.

Rettar og plikter

Det er gitt ei rekkje lover, forskrifter og rettleiingar som set krav om HMS på arbeidsplassen. Arbeidsgivar og arbeidstakar har både rettar og plikter ifølgje desse forskriftene. Arbeidsgivaren har hovudansvaret for å leggje til rette for eit godt og sikkert arbeidsmiljø, stille verneutstyr til disposisjon og sørgje for tilstrekkeleg opplæring.

Dei tilsette har plikt til å medverke. Dei har blant anna plikt til å melde frå om farlege forhold og handlingar, medverke til eit godt arbeidsmiljø og å bruke pålagt og tilgjengeleg verneutstyr.

Grunnleggjande HMS

- Eit planmessig HMS-arbeid skal sikre mot tap.
- Arbeidstakaren skal sikrast mot sjukdom og skade.
- Bedrifta skal sikrast mot økonomiske tap i form av skade på utstyr, materiell og avbrot i drifta.

For å oppnå gode resultat (og tilfredsstille forskriftene) skal bedriftene:

  • Beskrive HMS-målsetjinga
  • Lage ei enkel risikovurdering
  • Sørgje for å registrere nesten-uhell, skadar og sjukdom slik at ein kan førebyggje at slike ting skjer igjen
  • Årleg vurdere om HMS-arbeidet er godt nok

Ein god dialog mellom leiarar og tilsette, slik det står i avtalen om eit meir inkluderande arbeidsliv, er avgjerande for utviklinga av ein god arbeidsplass med eit godt arbeidsmiljø utan skadar og med lågt sjukefråvær.

Alle verksemder krev styring og planlegging. Eit styringssystem kan utformast på mange måtar. For små verksemder er det viktig at det ikkje blir laga store og vanskelege system for å planleggje og følgje opp viktige aktivitetar. Eit styringssystem, stort eller lite, består eigentleg berre av fire grunnleggjande aktivitetar.

  1. Fortel kva du skal gjere (Alle planlagde tiltak).
  2. Gjer det du sa du skulle. Sjekk at tiltaka blir utførde, krev ansvar og tidsfrist.
  3. Sjå etter at du har gjort det du sa du skulle gjere. Kontroller at ting er gjort.
  4. Dersom resultatet ikkje blei som venta – gjer noko med det.

Eit godt HMS-arbeid er langsiktig og må styrast etter fastsette mål. Konkrete mål for HMS bør motivere alle i arbeidet med å skape ein trygg, sikker og triveleg arbeidsplass. HMS-måla bør vere så konkrete at det er mogeleg å gjennomføre tiltak for å oppnå målet.

Dokumentasjon
bilde av måling av luft på serveringssteder
Måling av luft på serveringssteder

Det blir stilt krav om dokumentasjon av HMS-arbeidet. Papir eller dokumentasjon åleine kan ikkje førebyggje skadar eller sjukdom, det er det tiltak som gjer. I ei lita bedrift bør ein derfor leggje vekt på enkle planar, skrive ned det som blir gjort og kva resultat som blir oppnådde. På den måten kan eigne krav om trygg og sikker drift takast vare på saman med styresmaktene sine krav om systematisk helse-, miljø- og sikkerheitsarbeid.

Dokumentasjonen skal gjerast så enkel som mogeleg og beskrive det ein faktisk gjer. Det er viktig for eit planmessig HMS-arbeid og er heilt vesentleg når Arbeidstilsynet kjem på inspeksjon.

Internkontroll
Bilde av koke rpå ett kjøkken
Arbeidsmiljø på kjøken
Ansvaret for helse, miljø og sikkerheit i ei verksemd kan ein best oppnå når bedrifta sjølv viser at ho har oversikt over risikoforholda sine og beskriv korleis uhell, ulykker og «uhelse» kan førebyggjast. Då kan ein oppnå både styresmaktene sine krav til internkontroll og dei tilsette og bedrifta sine mål om ein god HMS-standard.
Risikovurdering
bilde av en inspeksjon av kjemikalier
Inspeksjon av kjemikalier til renhold

Risiko blir ofte «omsett» med fare. Vi kan definere risiko som fare for at noko skal oppstå eller skje. For å kunne beskrive kor farleg noko er, må risiko definerast.

Risiko uttrykkjer ein hypotese om kor sannsynleg det er at ei uønskt hending eller ein tilstand kan gi skade – og ei vurdering av kva skadar og helseplager det kan gi. Det vil seie kva konsekvensar dette kan medføre. Risikovurdering har også blitt kalla med eit kanskje riktigare uttrykk ”konsekvensutgreiing”.

Ei risikovurdering i si enklaste form er å liste opp det som kan slå feil og det som er helseskadeleg, og deretter diskutere kor ille det kan gå om noko slår feil. Til sist korleis kan vi unngå at det skjer, eller kan vi gjere noko slik at skaden blir mindre dersom det skjer.

Kva kan skje?
Bilde av arbeidssko
Arbeidssko

Sjukdom og skade gir ofte fråvær. Nokre gonger er grunnen ulykker, i andre tilfelle at arbeidet eller arbeidsplassen har blitt ei belastning. I alle tilfelle er det bedrifta sjølv som kjenner sine eigne risikofaktorar og forhold best. Derfor bør leiar og tilsette saman liste opp mogelege farlege forhold og arbeidsoperasjonar.

Når det er gjort, kan ein diskutere alle forhold og arbeidsoperasjonar på lista med spørsmåla: Kor ofte kan ting slå feil og kor ille kan det gå? (kva er sannsynleg – kva blir konsekvensen?).

Kva gjer vi med det?
  • Prøv å unngå at noko skjer. Mykje rot og uorden gjer det sannsynleg at nokon kan snuble. Ein ryddig arbeidsplass med gode rutinar gjer det mindre sannsynleg å snuble.
  • Sørg for at konsekvensane blir mindre. Ein rusten spikar trakka inn i ein fot kan gi mange dagars sjukefråvær. Vernesko hindrar ikkje at nokon trakkar på ein spikar, men det blir ingen skade.

Begge typar tiltak reduserer risikoen for at ein skade kan oppstå, det første ved å gjere det mindre sannsynleg at noko skjer, det andre ved å redusere konsekvensane dersom noko skjer. Den første typen tiltak er ofte både best og billigast. Dersom det ikkje er mogeleg å redusere faren for at skade og sjukdom oppstår, må verneutstyr og andre vernetiltak brukast.

Når risikoforholda i bedrifta er beskrivne, skal dei setjast opp i ei prioritert liste. I ein travel kvardag er det viktig å bruke tida på dei viktigaste risikoforholda. Ein høg risiko kan gjerast lågare ved å gjere det mindre sannsynleg at noko skjer, eller ved å sørgje for at konsekvensane blir mindre om det skjer. Ein ryddig arbeidsplass, gode rutinar og god arbeidspraksis er med på å gjere det mindre sannsynleg at noe skal gå gale eller at nokon kan bli sjuke. Bruk av verneutstyr: hanskar, vernebriller, hørselsvern, hjelm, vernesko, fallsikringsutstyr og anna medverkar til å redusere konsekvensane når noko skjer.

Korleis kan ei risikovurdering sjå ut?
bilde av et storkjøkken
Storkjøkken

Vurderinga kan skrivast ned i ein tekst, men også innehalde tabellar og statistikk. I ei risikovurdering blir det gitt det ei kort beskriving av arbeidsforholda i bedrifta eller i den delen av bedrifta som blir sett på som eit risikoområde. All ombygging/omorganisering bør i førebuingsfasen få si risikovurdering.

Beskrivinga bør omfatte forhold som brannfare, rømmingsvegar, farlege maskinar, helsebelastande arbeidsstillingar, støy, støv, farlege kjemikal, samarbeidsforhold osv.

Ei god risikovurdering krev inngåande kunnskap om bedrifta. Det betyr at bedrifta sjølv er den som veit best. Bedriftsleiar, saman med dei som utfører arbeidsoperasjonane, er dei beste til å lage ei god risikovurdering.

Læringsressursar

HMS