Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Kosthold og helseChevronRight
  4. AntioksidanterChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Antioksidantar

Diverse bær. Foto.

Antioksidantar er stoff som finst naturleg i ein del råvarer som mellom anna bær, grønsaker, nøtter og kaffi. Antioksidantar hjelper kroppen med å halde seg frisk. Vi har mange tusen ulike antioksidantar, som alle har ulike hjelpefunksjonar i kroppen.

Antioksidanten sin funksjon i kroppen

Kroppen vår dannar frie radikal for å verne seg mot skadelege stoff, som vi hele tida omgir oss med. Døme på slike stoff er røyking, miljøgifter og alkohol. Når det blir mange av dei frie radikala, kan dette være farlig for oss. Frie radikal er negativt ladde og antioksidantar er positivt ladde. Når vi et mat med antioksidantar finn dei positive og negative ladningane kvarandre, og nokre frie radikal blir dermed nøytraliserte. Når radikala er nøytraliserte, er dei ikkje farlege for kroppen vår lenger.

Antioksidantar motverkar oksidativt stress, eller celleskade, som oppstår på grunn av frie radikal. Alle cellene, organa og vevsvæskene i kroppen må vernast mot skadeleg oksidasjon og det er grunn til å tru at antioksidantar motverkar sjukdommar i kroppen.

Vi veit at mat som inneheld mykje fleirumetta feitt har lett for å harskne, og at einumetta feitt ikkje harsknar så raskt. Det same skjer i kroppen vår. Det er derfor viktig å ikkje ete for mykje fleirumetta feitt, men halde seg til retningslinjene frå helsedirektoratet som tilrår 1/3 kvar av metta, einumetta og fleirumetta feitt. Vitamin E og selen er næringsstoff som også er antioksidantar i kroppen, og desse motverkar harskning i cellene.

Frukt og grønsaker

Frukt, grønsaker og andre vegetabilske matvarer inneheld fleire tusen ulike typar antioksidantar (polyfenol, flavonoid, karotenoid, sulfid, lignanar osv.). Det er derfor mogeleg at mange av desse antioksidantane verkar saman for å verne mot skadeleg oksidasjon.

Innhald av antioksidantar

Det er svært store skilnader (over tusen gonger) når det gjeld kor stor konsentrasjonen av antioksidantar er i ulike planter. Ei rekkje krydderplanter har mykje høgare konsentrasjon av antioksidantar enn frukt og grønsaker. Bær har også ofte ein høgare konsentrasjon av antioksidantar enn frukt og grønsaker.

Utrekningar på grunnlag av norske data viser at frukt og grønsaker bidreg med om lag 10−15 prosent av det samla inntaket av antioksidantar, mens kaffi bidreg med om lag 65 prosent og te med knapt 10 prosent av antioksidantinntaket.
Kunnskapen om kva matvarer inneheld av ulike stoff med antioksidativ effekt aukar.

Anbefalingar

Det er gode vitskaplege haldepunkt for at inntak av frukt og grønsaker reduserer risikoen for kreft, hjarte- og karsjukdommar, overvekt og type 2-diabetes. Forskinga har likevel ikke avklart kva for stoff og kva for mekanismar som forklarer den gunstige helseeffekten av frukt og grønsaker. Vi har følgjeleg heller ikkje nok kunnskap til å gi detaljerte anbefalingar om inntak av ulike plantestoff eller enkelte planteslag. Vi bør derfor ete mykje og variert av ulike typar grønsaker, belgfrukter, frukter, bær, nøtter, urter og grove kornprodukt.

Antioksidant Matvare
Vitamin C Frukt, bær og grønsaker
Vitamin E Olje og kornprodukt
Betakaroten Gulrot og søtpotet
Antocyanin Blåbær og granateple
Lykopen Tomat

Læringsressursar

Antioksidanter

SubjectEmne

Fagstoff