Antioksidantar - Råvare, produksjon og kvalitet (RM-RMF vg1) - NDLA

Hopp til innhald
Fagartikkel

Antioksidantar

Antioksidantar er stoff som finst naturleg i ein del råvarer som mellom anna bær, grønsaker, nøtter og kaffi. Antioksidantar hjelper kroppen med å halde seg frisk. Vi har mange tusen ulike antioksidantar, som alle har ulike hjelpefunksjonar i kroppen.

Antioksidantane sin funksjon i kroppen

Kroppen vår dannar frie radikal for å verne seg mot skadelege stoff som vi heile tida omgir oss med. Døme på dette er røyking, miljøgifter og alkohol. Når det blir mange av dei frie radikala, kan det vere farleg for oss. Frie radikal er negativt lada, og antioksidantar er positivt lada. Når vi et mat med antioksidantar, vil dei positive og negative ladningane finne kvarandre, og nokre frie radikal vil dermed bli nøytraliserte. Når radikala er nøytraliserte, er dei ikkje farlege for kroppen vår lenger.

Antioksidantar motverkar oksidativt stress, eller celleskade, som oppstår på grunn av frie radikal. Alle cellene i kroppen, organ og vevsvæsker må vernast mot skadeleg oksidasjon, og det er grunn til å tru at antioksidantar motverkar sjukdommar i kroppen.

Vi veit at mat som inneheld mykje fleirumetta feitt, har lett for å harskne, og at einumetta feitt ikkje harsknar så raskt. Det same skjer i kroppen vår. Det er derfor viktig å ikkje ete for mykje fleirumetta feitt, men halde seg til retningslinjene frå Helsedirektoratet, som tilrår 1/3 kvar av metta, einumetta og fleirumetta feitt. Vitamin E og selen er næringsstoff som også er antioksidantar i kroppen, og desse motverkar harskning i cellene.

Frukt og grønsaker

Frukt, grønsaker og andre vegetabilske matvarer inneheld fleire tusen ulike typar antioksidantar (polyfenolar, flavonoid, karotenoid, sulfid, lignan, og så vidare). Det er derfor mogleg at mange av desse antioksidantane verkar saman for å verne mot skadeleg oksidasjon.

Innhald av antioksidantar

Det er svært store forskjellar (over tusen gonger) når det gjeld kor stor konsentrasjonen av antioksidantar er i ulike planter. Ei rekkje krydderplanter har mykje høgare konsentrasjon av antioksidantar enn frukt og grønsaker. Bær har òg ofte ein høgare konsentrasjon av antioksidantar enn frukt og grønsaker.

Berekningar på grunnlag av norske data viser at frukt og grønsaker bidreg med omtrent 10−15 prosent av det totale inntaket av antioksidantar, medan kaffi bidreg med cirka 65 prosent og te med knapt 10 prosent av antioksidantinntaket.
Kunnskapen om matvarer sitt innhald av ulike stoff med antioksidativ effekt aukar.

Tilrådingar

Det er gode vitskaplege haldepunkt for at inntak av frukt og grønsaker reduserer risikoen for kreft, hjarte- og karsjukdommar, overvekt og type 2-diabetes. Forskinga har likevel ikkje avklart kva stoff og kva mekanismar som forklarer den gunstige helseeffekten av frukt og grønsaker. Vi har følgjeleg heller ikkje nok kunnskap til å gi detaljerte tilrådingar om inntak av ulike plantestoff eller enkelte planteslag. Vi bør derfor ete mykje og variert av ulike typar grønsaker, belgfrukter, frukt, bær, nøtter, urter og grove kornprodukt.

Antioksidant

Matvare

Vitamin C

Frukt, bær og grønsaker

Vitamin E

Olje og kornprodukt

Betakaroten

Gulrot og søtpotet

Antocyanin

Blåbær og granateple

Lykopen

Tomat

Hugs!

  • Det finst ulike antioksidantar i ulike frukt- og bærslag.
  • Vel frukt og bær i alle regnbogen sine fargar for å få i deg flest mogleg ulike antioksidantar.
Skrive av Matportalen og Unni Kulhuset Granheim.
Sist fagleg oppdatert 07.01.2022