SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Vatn

Liten gut drikk frå vassglas. Foto.

Av alle næringstoffa, er vatn det næringsstoffet som det finst mest av i kroppen. Kroppen treng å få tilført vatn dagleg. Hjå ein vaksen person er behovet to-tre liter.

Vi nyttar uttrykket væskebehov, ettersom vatn finst i ulike matvarer og drikker. Utan vatn kan vi ikkje ta opp næringsstoffa frå maten, og vatn inngår i svært mange av kroppen sine funksjonar, til dømes transport, fordøying og temperaturregulering.

Væskebehovet varier med fysisk aktivitet, klima, kroppsstorleik og helsetilstand. Ved store væsketap som ved diaré, oppkast og sterk sveitte aukar væskebehovet.

Væskebehovet blir først og fremst dekt gjennom mat og drikke, og maten bidreg med om lag halvparten av væsketilførselen.

Læringsressursar

Ikke-energigivende næringsstoffer