1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. ØlChevronRight
  5. ØlChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Øl

Øl er ein alkoholhaldig drikk som blir brygga på korn. Øl har ei lang historie og har blitt brygga i Noreg i over to tusen år.

Ulike øltypar i forskjellige glas. Foto.

Det finst ei rekkje øltypar med ulik smak, fylde og alkoholprosent. Øl med eit alkoholinnhald på inntil 4,75 % kan kjøpast i butikk, medan øl med høgare alkoholinnhald må kjøpast på vinmonopolet.

Historie:

Vi har 6000 år gammal kunnskap om øl. Skriftfunn fortel om 16 ulike ølsortar på denne tida. Arkeologar har funne leivningar etter bryggeri og detaljerte skildringar av ølbrygging. Øl er ein gammal kulturdrikk med lange tradisjonar i Noreg. Drikken blei omtalt før år 1000 i Gulatingslova.

Øl er eit reint naturprodukt. Ifølgje lov om tilverking, innførsel og skattlegging av øl (øllova) frå 1912 skal øl lagast av malt, humle, vatn og gjær. Denne lova blei oppheva i 1994 i samband med EØS-avtalen. Men føresegna blir likevel følgt for størstedelen av norsk ølproduksjon. I Noreg bruker vi bygg til ølproduksjonen. I andre land er det vanleg å bruke kveite, ris eller mais. Bryggeprosessen kan delast inn i fem trinn.

Produksjon:

  1. Malting: Malt er spira og tørka korn. Stiven i kornet blir omdanna til sukker ved hjelp av enzym.

  2. Brygging: Det ferdige maltet blir knust og blanda med vatn i store tankar. Blandingsforholdet av malttypen er med på å bestemme ølet sin karakter. Under prosessen som vi kallar masking, blir det omdanna sukkeret trekt ut i væska. Ølet blir sterkare dess meir malt vi har per liter vatn. Kornrestar og kornskal blir skilde ut frå væska. Væska som står att, kallar vi for vørter. Humle blir tilsett, og dette er med på å gi ølet bitterheit og aroma.

  3. Gjæring: Det blir tilsett gjær i vørteren. Gjæren omdannar sukker til alkohol og karbondioksid. Det finst to metodar for gjæring av øl: undergjæring og overgjæring.

  4. Lagring/modning: Ølet blir lagra ei kort stund på tank for at det skal bli klarare. Resten av gjæren søkk til botnen av tanken, og karbondioksidnivået stabiliserer seg. Dette tek to til tre veker, avhengig av temperaturen.

  5. Tapping: Etter modning blir ølet filtrert og pasteurisert, før det blir tappa på fat, flasker eller boksar.

Korleis bygg blir til øl

Norsk ølbryggeri

Læringsressursar

Øl

SubjectEmne

Fagstoff