Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. Servering og drikkevarerChevronRight
  4. ServeringChevronRight
  5. StasjonstreningChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgaver og aktiviteter

Stasjonstrening

I denne oppgåva skal du trene på ulike serveringsteknikkar ved å gå frå stasjon til stasjon. Læraren går først gjennom kva som skal gjerast på kvar stasjon, og viser rett teknikk/arbeidsmåte.

Servitør rydder av bord i en restaurant. Foto.

Klassen blir delt inn i grupper på 3–4 personar. Elevane gjentek oppgåvene på kvar stasjon til dei føler at dei meistrar dei.

  • ryddeteknikk
  • bereteknikk
  • engelsk servering
  • bering av glas på brett

Stasjon 1: ryddeteknikk

Her skal du som servitør rydde av bord i ein restaurant. Rydd av minimum fire tallerkenar med bestikk og matrestar. Her kan elevane vere gjester for kvarandre. Det er viktig å rydde frå gjesten si høgre side og bruke rett teknikk.

Servitør rydder av bord i en restaurant. Foto.

Stasjon 2: bereteknikk

Ber tre suppetallerkenar fylt med litt vatn. Løft dei frå bordet, og gå ein runde rundt i lokalet. Deretter set du dei ned på bordet att. Hugs å servere og rydde av frå gjesten si høgre side.

En servitør som bærer tre suppetallerkener. Foto.

Stasjon 3: engelsk servering

På denne stasjonen skal du trene på å bruke gripebestikk. Bruk for eksempel ein appelsin eller eit eple delt i skiver, som du legg på eit serveringsfat. Server deretter eple/appelsin til gjesten.

Servitør legger mat på gjestens tallerken. Foto.

Stasjon 4: bering av glas på brett

Det blir sett ut ulike glas på eit bord. Du skal løfte opp og plassere glasa på brettet. Deretter skal du gå ein runde i lokalet, og så setje brettet ned på bordet att.

Servitør viser teknikk med å sette på plass stettglass. Foto.

Læringsressursar

Servering

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter