Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. Krydder og smaksstofferChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Søtstoff

Det finst òg andre produkt enn sukker og honning å søte maten med. Søtstoffa som blir skildra nedanfor har alle eit E-nummer. Søtingsmiddel har ikkje ein konserverande verknad slik som sukker har. Nokre av dei inneheld energi, medan andre er heilt energifrie.

Ulike kunstige søtingsmiddel. Foto.

I matindustrien blir det brukt ein del søtstoff i produkt som tyggjegummi, leskedrikkar og sukkertøy.

Diabetikarar, og då særleg med dabetes type 2, kan ha nytte av å bruke søtingsmiddel som ikkje gjer at blodsukkeret stig. På institusjonskjøkken bakar ein ofte kaker med søtingsmiddel til diabetikarar.

Det finst ein del søtingsmiddel som er meint å brukast i matlaging og te. Desse produkta er ofte sett saman av ulike søtstoff, og ein får kjøpt dei i ulike former (flytande, strø eller sukettar).

Flytande eller strø?

Flytande er relativt billeg og eignar seg i produkt der ein må bruke mykje søtstoff, og kan elles brukast i dei fleste rettar som treng søtingsmiddel. Når ein syltar og saftar eller bakar gjærbakst er det best å bruke flytande søtingsmiddel.

Strø er fint å bruke i staden for sukker til å strø over mat, til dømes på ein kompott, og til å bruke på bakverk der sukkeret skal visast, til dømes kanelbollar.

I bakverk som er baserte på eggedosis, er sukkeret med på å gjere kaka luftig og gi ho rett konsistens, og du kan derfor ikkje byte ut alt sukkeret. I rullekake, til dømes, kan du erstatte halvparten av sukkeret med kunstig søtingsmiddel.

Regelen med å byte ut halvparten av sukkeret i oppskrifta med kunstig søtstoff gjeld i dei fleste bakverk der sukkeret er med på å påverke konsistensen.

Rekne ut mengde i forhold til sukker

Strø-søtingsmiddel er lettare enn sukker, medan volumet er ganske likt. Du bør kontrollere forholdet på det aktuelle søtstoffet du skal bruke. I punkta nedanfor finn du cirkatal i forholdet sukker/søtstoff.

  • 1 dl strøsukker svarar til 1 dl sukker. Vekta på søtstoff er mykje lettare enn sukker, så ein må ikkje vege dette og ta den same mengda som for sukker.
  • 1–1, 5 ts flytande søtstoff svarar til 1 dl sukker.
  • 1 sukett svarar til 1 sukkerbit.

Dei vanlegaste søtstoffa

Her er døme på nokre ferdigprodukt som du kan kjøpe som søtstoff og bruke i produksjonen. Dei fleste finst både som sukettar, strøpulver og i flytande form.

  • Natreen: Inneheld ikkje kaloriar. Toler koking.
  • Stevia: Inneheld ikkje kaloriar. Toler koking.
  • Canderel: Toler berre oppvarming, ikkje koking, då det misser søtingseffekt ved sterk varme.
  • Sukrin: Toler koking og kan brukast til både baking og matlaging. Inneheld ikkje kaloriar.
  • Splenda: Laga av sukker (sukralose). Kroppen oppfattar ikkje spenda som energi sjølv om produktet inneheld det.

Læringsressursar

Krydder og smaksstoffer

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter