Mais slik vi kjenner han i dag, er umogne korn som sit festa til kolben på maisplanten. Dette er ei kornplante som stammar frå Sør-Amerika, og som var ei viktig matkjelde for indianarane på det amerikanske kontinentet.

Maiskolben består av tettpakka gule kjernar som veks på rekkje rundt ein stokk. Ytst finn vi eit hylster av grøne, dekorative blad. Maiskolben vert hausta når kjernane er godt utvaksne, gule i fargen, og innhaldet er kvitt og flytande. Denne safta kan likna på mjølk, og smaken er søt og mild.
Vi har i Noreg noko produksjon av mais. Berre ein liten del av dette går gjennom varehandelen. Mesteparten går til sjølvplukk. Etter hausting vert sukkeret i mais omdanna til stivelse. Han bør derfor lagrast så kort tid som mogleg.
Kvalitetskrav
Maiskolbar skal ha tettpakka og fullt utvikla kjernar med frisk og jamn gul farge utan teikn til skadar eller ròte. Kjernane bør vere mjuke slik at den mjølkeliknande safta lek ut når ein pressar kjernen mellom fingrane. Er maisen dekt med blad, er dette berre ein fordel. Blad vernar kjernane, hindrar uttørking og gjer at maiskolben ser dekorativ ut.

Bruk
Før bruk må maiskolben reinskast for dekkblad og skyljast i kaldt vatn. Er maiskolben heilt nyhausta, kan han etast naturell. Vanlegvis koker vi maisen i ca. 10–12 minutt i usalta vatn. La vatnet renne av og server deretter med smør og krydder. Kokte kjernar kan også serverast i salatar eller som grønsak til varmretter. Han er nydeleg til grilling i folie, men hugs å pensla med smør først. Vi et gjerne heile maiskolbar med spesielle maisgaflar.
Av mais lagar ein også maisolje og mjøl. Lefser, chips og popcorn vert òg laga av mais.

Næringsinnhald
Mais inneheld mykje karbohydrat og er såleis ei energirik grønsak. Mais inneheld også noko mineral og protein.
Sjå matvaretabellen for nærare opplysingar om næringsinnhald på matvaretabellen.no
Hugselappen
Sesong
Mais vert hausta når han er mogen, vert konservert, lagra og er å få kjøpt heile året.
Utbreiing
Mais vert dyrka i liten målestokk i Noreg. På verdsbasis er mais det viktigaste kornslaget.
Med andre ord:
Latin: Zea mays
Engelsk: Maize, corn
Tysk: Mais, Kukuruz
Fransk: Maïs
Læringsressursar
Korn og mjøl
Fagstoff
Korn og kornprodukt
KjernestoffBrød og kornvarer
KjernestoffFakta om korn
KjernestoffFakta om mjøl
KjernestoffFakta om brød − Brødskala'n
KjernestoffGå for grovt
KjernestoffGrovt gir god helse
KjernestoffHavre
KjernestoffBygg
KjernestoffKveite
KjernestoffRug
KjernestoffSpelt
Kjernestoff- Kjernestoff
MaisDu er her
Ris
KjernestoffSteinmalt mel fra Holli Mølle
KjernestoffHvilket brød er sunnest?
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Korn og kornprodukt
KjernestoffArbeidshefte - Korn og kornprodukt
Kjernestoff