Hopp til innhald

  1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. RåvarerChevronRight
  4. FiskChevronRight
  5. Fordjupingsoppgåve – fiskChevronRight
TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

Oppgave

Fordjupingsoppgåve – fisk

Med denne oppgåva skal du bli betre kjend med ein fisk ved å fordjupe deg i ein fiskesort. Viss du følgjer med når dei andre i klassen presenterer fiskesortane sine, lærer du masse om fisk!

Hel laks, torske- og laksefilet som ligger på et fat. Foto.

Informasjon om oppgåva

Oppgåva dekkjer kompetansemål frå både kosthald og livsstil samt råvarer og produksjon.

  • I oppgåve 1 skal du velje deg ein type fisk som du skal fordjupe deg i. Oppgåva skal presenterast på valfri måte for lærar og medelevar.
  • I oppgåve 2 skal du beskrive grunnleggjande tillagingsmetodar samt kjernetemperatur. Denne delen skal ikkje presenterast, du skal i staden gjere ho skriftleg og levere ho inn.
  • I oppgåve 3 skal du lage og presentere ein rett med fisketypen du valde i oppgåve 1.

Forslag til kjelder:

I NDLA kan du finne mykje fagstoff om fisk. Du kan lese om dei fleste fiskesortane i fiskeleksikon, og under Fisk ligg mange fiskesortar beskrivne.

godfisk.no

Matportalen.no

Oppgåve 1

Vel deg ein fiskesort, og arbeid vidare med denne ved å fordjupe deg i desse temaa:

  • beskrivingar av fiskesort (mellom anna feitleiksgrad)
  • næringsinnhald og eventuell helsegevinst
  • bruksområde
  • oppbevaring på kort og lang sikt
  • berekning av mengd – både filet og heil fisk
  • kjernetemperatur
  • hygienekrav ved stell og oppbevaring av fiskesorten
  • oppskrift på ein klassisk rett med denne fisken samt tilbehøyr

Oppgåve 2

Denne oppgåva skal leverast inn saman med det andre fagstoffet, men ikkje presenterast.

Beskriv framgangsmetoden og viktige element for å få eit godt resultat for desse grunnleggjande oppskriftene:

  • fiskekraft
  • fiskefarse

Oppgåve 3

Klassen lagar ein buffé og lagar til og presenterer rettane som kvar enkelt elev har funne oppskrift på.

  • Skriv ei bestillingsliste.
  • Lag ein arbeidsplan.
  • Lag retten på kjøkenet.

Læringsressursar

Fisk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter