1. Home
  2. Restaurant- og matfag Vg1ChevronRight
  3. EtikkChevronRight
  4. Kva er etikk?ChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Kva er etikk?

Vi gjer ei rekkje val kvar dag. Somme val er viktige for fleire enn oss sjølve. Som fagarbeidar i restaurant- og matfagbransjen kjem du til å oppleve at vala får både ønskte og uønskte konsekvensar for brukarane.

Ei jente med ryggen mot kamera står mellom to vegar som fører kvar sin veg. Foto.

Det er ikkje alltid lett å vite kva som er rett, og kva som er gale. Det er mykje å ta omsyn til.

Etikk handlar om korleis vi menneske ber oss åt mot kvarandre. Oppfatninga av kva som er rett og gale, kan vere ulik frå person til person. Det varierer innanfor den same kulturen og mellom ulike kulturar. Det kjem an på kva for normer, verdiar, haldningar og livssyn ein har.

  • Om du bryt dei etiske reglane i kvardagen, blir du kanskje straffa med stygge blikk og sosial utestenging.
  • Om du bryt yrkesetiske reglar, kan du bli påtalt av dine overordna.
  • Om du bryt lova, kan du bli straffa med bøter og fengsel.

Etikk og moral

Etikk er læra, eller teorien, om kva som er rett og gale. Somme gonger er det vanskeleg å vite kva som er rett å gjere. Dersom du må velje éi løysing ut frå fleire mogelege, kan etikken vere til hjelp. Den kan underbyggje for kvifor du bør gjere det eine eller det andre.

Moral handlar om korleis du oppfører deg, altså kva du faktisk gjer. Å handle moralsk vil seie å oppføre seg etter dei normene og reglane som gjeld i den gruppa ein høyrer til. Gruppa kan vere familien, vennegjengen eller kollegaane. Umoralsk oppførsel fører gjerne til negative reaksjonar hos andre.

Valsituasjonar oppstår både privat, på skulen og på jobben. Vi skil derfor mellom kvardagsetikk og yrkesetikk. Kvardagsetikk handlar om dei vala du gjer som privatperson, til dømes korleis du ber deg åt mot foreldra dine. Lyg du, eller er du til å stole på?

Yrkesetikk handlar om dei vala du gjer som yrkesutøvar og fagperson. Desse vala vedkjem kundar og kollegaar. Viser du respekt? Tek du ansvar, eller prøver du å lure deg unna? Yrkesetikken er meir omfattande enn kvardagsetikken fordi fleire menneske er innblanda, og då må det vere fleire reglar.

Juss er eit eige fagområde som skil rett og gale. Juss handlar om lover som Stortinget vedtek. Matlova er eit døme. Fagutøvarar innanfor restaurant- og matfagbransjen pliktar å følgje denne lova. Når det finst ei lov, skal ein alltid følgje ho.

Utfordringar til deg

  1. Kva for etiske reglar gjeld i klassen? Lag ei liste med fem reglar.
  2. Diskuter handlingar de gjer kvar dag. Dette kan vere ting de gjer mot kvarandre, eller ting de seier til kvarandre. Meiner du desse handlingane er moralske eller umoralske?
  3. Finn eksempel på
    • at det kan vere moralsk rett å bryte lova
    • allmennmoral
    • personleg moral

Læringsressursar

Etikk