1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Dokumentert sikkerhetsopplæringChevronRight
  4. BakløftarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Bakløftar

Bakløftaren er eit nyttig hjelpemiddel plassert bak på lastebilar, som gjer at sjåførane i mange tilfelle sjølve kan levere varene utan hjelp av truckar, kraner eller anna utstyr. Vi skal lære litt om tryggleiksopplæring, vedlikehald og løftekapasitet.

Truck laster kontainer på bakløfter. foto.

Kva er ein bakløftar?

Bakløftaren er ei smart innretning som gjer at vi kan trille godset av lastebilen utan hjelp av truck. Når bakløftaren ikkje er i bruk, er han ofte ein del av dørene bak.

Bakløftaren veg 200–400 kg og «stel» derfor litt vekt av nyttelasten til bilen. På bilar ein bruker til distribusjon, er han likevel eit svært nyttig hjelpemiddel. Ver også merksam på at løftebord, løftelem og lift er andre namn ein bruker om bakløftar.

Tryggleiksopplæring

Bakløftaren krev dokumentert tryggleiksopplæring. Som du no kjenner til, vil det seie at ein som kjenner utstyret godt og kan bruke det, skal gi deg ei innføring i korleis du tar hand om tryggleiken ved bruk av bakløftar. Du må skrive under på at du har fått opplæringa.

Måla for opplæringa er at du skal:

  • Kjenne til ulike typar verneutstyr som skal brukast
  • Kjenne til årsaken til at ulykker med bakløftar skjer
  • Kjenne til kva for skadar som kan oppstå under bruk og vedlikehald av bakløftar
  • Kjenne til grunnprinsippa for ein bakløftar, også konstruksjon og verkemåte
  • På ein trygg og sikker måte kunne handtere ulike typar bakløftarar
  • Kunne gjere dagleg kontroll og kunne kontrollere at bakløfteren er klar til bruk

Betening

Det skjer skadar også under bruk av bakløftar. Det vanlegaste er klemskadar, og derfor skal du bruke båe hender på knappane som betener bakløftaren. Då er det umogleg å få hendene inn i det farlege området utan at rørsla til bakløftaren stoppar.

Merking

For at andre skal sjå sjølve lemmen, er det montert varsellys eller flagg. Personar som kjem forbi, kan lett gå på lemmen eller køyre på han. Derfor må du ikkje forlate lemmen i ei høgd som gjer han farleg for andre.

Løftediagram

Løftediagran. Foto.
Løftediagram

Set deg inn i løftediagrammet til bakløftaren. Det viser kor stor kapasitet bakløftaren har etter kor langt ut på lemmen vi finn tyngdepunktet til lasten. Dette kan vi samanlikne med løftediagrammet til ein truck eller ei kran: Jo lengre arm, desto mindre vekt.

Vekta til godset og plasseringa av tyngdepunktet er det derfor viktig å kjenne til. Er du i tvil, reduserer du lasten slik at du blir sikker. Ein EUR-pall er 120 cm lang og 80 cm brei, sjå løftediagrammet. Plasserer du tyngdepunktet 1200 mm (1,2 m) frå den fremste kanten på bakløftaren, vil pallen maksimalt kunne vege 750 kg.

Vedlikehald

Vedlikehald av utstyret er viktig. I bilen bør det vere ei feittpresse slik at du for eksempel kvar veke kan presse litt feitt inn der det er smørjeniplar. Instruksjonsboka fortel deg kvar du finn smørjepunkta, og kva smørjemiddel du skal bruke.

Grunnen til at bakløftaren verkar, er at ein elektrisk motor drivei hydraulisk pumpe. I alle hydrauliske system finst det røyr og slangar. Derfor er det lurt å ha med seg ein liten skvett olje og ein ny slange for å kunne skifte slangen om han ryk. Dermed kan du fortsetje arbeidsdagen med berre eit lite avbrot. Somme leverandørar av bakløftarar sel eit eige «førstehjelpsskrin» der du finn alt du treng til vedlikehaldet.

Vasking er også ein vesentlig del av vedlikehaldet. Ikkje bruk høgtrykkspylar direkte på komponentar, men skyll av møkk og søle med ein stråle varmt vatn. Hugs å smøre etter vask og minst 1 gang pr. månad.

Dagleg kontroll

Om du køyrer ein bil som er utstyrt med ein bakløftar, skal du alltid kontrollere denne før du startar arbeidsdagen din, slik som du kontrollerer bilen din før avreise eller trucken før bruk. Det er då viktig å sjå over alle innfestingar, foringar, sylindrar, hydraulikkslangar og oljenivået til hydraulikksystemet.

Videodemonstrasjonar

ZEPRO Z20 (engelsk):

Link til videodemonstrasjon av bakløftar ZTS (Engelsk).

Læringsressursar

Dokumentert sikkerhetsopplæring

SubjectEmne

Fagstoff