Hopp til innhald

Fagstoff

Bakløftar

Bakløftaren er eit nyttig hjelpemiddel plassert bakpå lastebilar, som gjer at sjåførane i mange tilfelle sjølv kan levere varene utan hjelp frå truckar, kraner eller anna utstyr.


Først ser vi ein instruksjonsvideo om bruk av bakløftar.

Kva er ein bakløftar?

Bakløftaren er ei praktisk innretning som gjer at godset kan lastast av og på lastebilen utan at det må løftast med truck eller køyrast over ei lasterampe. Når bakløftaren ikkje er i bruk, er han ofte ein del av dørene bak.

Bakløftaren veg 200–400 kg og «stel» derfor litt vekt frå nyttelasta til bilen. På bilar som blir brukte til distribusjon, er han likevel eit særs nyttig hjelpemiddel. Ver òg merksam på at løftelem, lift og løftebord er andre namn som blir brukte om det same.

Sikkerheitsopplæring

Bakløftaren krev dokumentert sikkerheitsopplæring. Føresegnene om tryggingsopplæring er å finne i forskrift om utførelse av arbeid i arbeidsmiljølova. Dokumentert sikkerheitsopplæring kan givast av arbeidsgivar eller andre som har naudsynt kompetanse i bruk av bakløftar.

To døme på kompetansebevis med framside og bakside. Øvst eit blått bevis for sertifisert sikkerheitsopplæring. På baksida er det oppført ulike maskiner med tekst og ikon. Nedst eit rosa kompetansebevis for dokumentert sikkerheitsopplæring. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Det må kunne leggjast fram dokumentasjon på at brukaren har fullført opplæring. Ofte er dokumentasjonen i form av eit kompetansebevis, altså eit plastkort med namn og bilete som oppgir kva utstyr brukaren har dokumentert opplæring i.

Måla for opplæringa er at du skal

  • kjenne til ulike typar verneutstyr som skal brukast
  • kjenne til årsakene til at ulykker med bakløftar oppstår
  • kjenne til kva skadar som kan oppstå ved bruk og vedlikehald av bakløftar
  • kjenne til grunnprinsippa for ein bakløftar, også konstruksjon og verkemåte
  • kunne handtere ulike typar bakløftarar på ein trygg og sikker måte
  • kunne føre dagleg kontroll og kunne kontrollere at bakløftaren er klar til bruk

Betening

Det skjer skadar òg ved bruk av bakløftar. Det vanlegaste er klemskadar, og derfor skal du bruke begge hendene på knappane som betener bakløftaren. På bakløftarar som er leverte etter 2008, er det såkalla tohandsbetening. Det vil seie at ein må betene to brytarpanel for å opne og lukke bakløftaren dei første 45 gradane frå bilen.

To oransje brytarpanel er monterte ved sida av kvarandre. Det til venstre har tre knappar, det til høgre har éin. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Dermed må ein bruke begge hender ved opning og lukking av bakløftaren. Ein står då utanfor fareområdet og har ikkje høve til å få verken hender eller hovud i klem mellom løftebrettet og lasterommet/skapveggen.

Tre brytarpanel for bakløftarar: eit vegghengt med lang spiralleidning, eit vegghengt og eit fastmonert. Alle tre er oransje og har tre knappar. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Etter at ein har vippa bakløfteren ned meir enn 45 gradar med tohandsbetening, kan ein gå over til å bruke innvendig brytarpanel eller fjernkontroll.

Merking

For at andre skal sjå sjølve lemmen, er det montert varsellys eller flagg på han. Personar som går forbi, kan lett gå på eller køyre på lemmen. Derfor må du ikkje la han stå i ei høgd som gjer han farleg for andre.

Løftediagram

Eit gult lastediagram for ein bakløftar er montert på ein bjelke. Foto.
Opne bilete i eit nytt vindauge

Set deg inn i løftediagrammet til bakløftaren. Det viser kor stor kapasitet bakløftaren har etter kor langt ut på lemmen vi finn tyngdepunktet til lasta. Dette kan samanliknast med løftediagrammet til ein truck eller ei kran: jo lengre arm, desto mindre vekt.

Det er derfor viktig å kjenne til vekta på godset og plasseringa av tyngdepunktet. På same måte som på ein truck blir tyngdepunktavstanden målt frå «maskina», altså frå bilen. Bakløftaren på biletet har ein løftekapasitet på 2000 kg på 1 meters (1000 mm) tyngdepunktavstand. Kjem du lenger bak, går løftekapasiteten ned, som vist i tabellen.

Hugs at ein EUR-pall er 120 cm. Om han er jamt lasta, har du allereie ein tyngdepunktavstand på 60 cm idet han har kome ut på bakløftaren. Trillar du 40 cm til, har du kome ut til oppgitt tyngdepunktavstand.

Vedlikehald

Vedlikehald av utstyret er viktig. Til dømes ein gong i veka bør du gå over med ei feitt-/smørjepresse og presse litt feitt/smurning inn der det er smørjeniplar. Instruksjonsboka fortel deg kvar du finn smørjepunkta, og kva smørjemiddel du skal bruke.

Bakløftaren har såkalla el-hydraulisk drift, det vil seie at ein elektrisk motor som får straum frå bilbatteriet, driv ei hydraulisk pumpe. Denne hydraulikkpumpa leverer igjen olje under trykk til dei arbeidande hydraulikksylindrane på bakløftaren.

I alle hydrauliske system er det røyr og slangar. Derfor er det lurt om du har med deg ekstra olje og ein reserveslange for å kunne skifte slangen om han ryk. Dermed kan du halde fram arbeidsdagen med berre eit lite avbrot. Nokre leverandørar av bakløftarar sel eit eige «førstehjelpsskrin» der du finn alt du treng til vedlikehaldet.

Vasking er òg ein vesentleg del av vedlikehaldet. Ikkje bruk høgtrykksspylar direkte på komponentane, men skyl av møkk og søle med ein stråle varmt vatn.

Dagleg kontroll

Om du køyrer ein bil som er utstyrt med bakløftar, skal du alltid kontrollere bakløftaren før du startar arbeidsdagen din, slik som du kontrollerer bilen din før avreise eller trucken før bruk.

Då er det viktig å sjå over alle innfestningar, foringar, sylindrar, hydraulikkslangar og oljenivået til hydraulikksystemet. Sjå òg over at all sikkerheitsutrusting er på plass – som varselflagg, lys, skilt og belastningsdiagram.

CC BY-SASkrive av Per Haukeberg og Arne Skrede. Rettshavarar: NKI Forlaget og Amendor AS
Sist fagleg oppdatert 08.06.2021

Læringsressursar

Teknisk arbeidsutstyr