1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. Vegtransport av farleg godsChevronRight
  4. Andre krav om ADR-opplæringChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Andre krav om ADR-opplæring

ADR-boka stiller i kapittel 1.3 krav om at alt personell som arbeider med farleg gods, skal ha ADR-opplæring tilpassa sitt område. Denne opplæringa skal dokumenterast, men det er ikkje krav om ADR-kompetansebevis.

Mann fyller flytende gods på tankbil. foto.

Sikkerheitsrådgivar

All verksemd som klassifiserer, pakkar, fyller, lastar, sender, mottek for transport, transporterer eller på annan måte har noko å gjere med transport av farleg gods, skal sjå til at det blir peikt ut minst éin sikkerheitsrådgivar. Sjå særleg 1.8.3 i del 1 og § 10 i norsk forskrift.

Ei liste over godkjende kursarrangørar for sikkerheitsrådgivarar kan du få ved å vende deg til Stiftelsen Norsk Brannvernforening, som også er eksamensadministrator. Kursa varer vanlegvis éi til to veker, og det blir avvikla eksamen forskjellige stader i landet.

Heile ADR-boka er pensum for sikkerheitsrådgivarar. Dei skal også ha inngåande kjennskap til forskrift om systematisk helse-, miljø- og sikkerhetsarbeid i virksomheter (internkontrollforskrifta).

Læringsressursar

Vegtransport av farleg gods

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter