Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. YrkesetikkChevronRight
  5. Normer for respektfull oppførselChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Normer for respektfull oppførsel

Det er viktig å følgje normene for korleis ein skal opptre overfor eksterne kundar. Men det er også viktig å hugse på å ha respektfull oppførsel overfor sine eigne medarbeidarar.

Ordsky med ordene latterliggjøre, usynliggjøre, fordømme, skyld og tilbakeholde. illustrasjon.

Respektfull oppførsel

Alle menneske forventar å bli behandla med respekt, men det er kanskje ikkje så lett å vite kva det inneber. Ein måte å forklare det på er at vi ikkje skal bruke hersketeknikkar.

Hersketeknikkar

Sosialpsykologen Berit Ås har identifisert fem slike teknikkar.

  1. Usynleggjere
    Usynleggjering skjer når nokon blir gløymt, forbigått eller «overkøyrd».

  2. Latterleggjere
    Latterleggjering skjer når innsatsen til ein person blir håna, ledd av eller samanlikna med dyreåtferd.

  3. Halde tilbake informasjon
    Ein arbeidstakar held tilbake informasjon når han deler informasjon med somme tilsette, men nektar å informere andre.

  4. Berre fordømme
    «Anten er du for passiv, eller så er du for pågåande.» Gjennom denne utsegna gir vi dobbel straff.

  5. Påføre andre skuld eller skam
    Påføring av skuld og skam skjer gjennom latterleggjering, audmjuking, blottstilling og ærekrenking.

Læringsressursar

Yrkesetikk

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

SubjectEmne

Vurderingsressurs