1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KvalitetskravChevronRight
  5. Oppfølging av kvalitetskrav i transport- og logistikkbransjenChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Oppfølging av kvalitetskrav i transport- og logistikkbransjen

Kundar etterspør ein del eigenskapar når dei kjøper transport- og logistikktenester. Som medarbeidar i ei transport- eller logistikkbedrift er det di oppgåve å utføre oppdraga slik at kundebehova blir tilfredsstilte, i alle dei situasjonane der du kan bidra til det.

Bud leverer pakke til kvinne. foto.

Oppfølging for bussjåførar

Bussjåførar må først og fremst følgje tidstabellen. Om det skulle oppstå forseinkingar som følgje av mykje trafikk, forstår nye passasjerar det. Derimot aksepterer ikkje passasjerane at ein sjåfør køyrer før rutetida.

Eldre passasjerar har behov for å setje seg før bussen byrjar å køyre. Blinde og brukarar av stokk treng kanskje hjelp fram til sitjeplassen. Turistar treng hjelp for å finne fram til rett haldeplass. Kvar kunde er unik og har si eiga oppfatning av kva som er god kvalitet. Utfordringa for ein sjåfør blir å lese kundebehova og prøve å følgje dei opp så godt det lèt seg gjere.

Oppfølging for godssjåførar

Godssjåførar har ingen tidstabell dei skal følgje, men fastsette avgangs- og framkomsttider for kvar tur. Desse tidene må sjåføren halde. I tillegg må alt godset lastast og lossast skånsamt, og godset må sikrast under transporten for å førebyggje skadar. Avvik oppstår ved stengde vegar og ved redusert framkomst på vegnettet. I slike situasjonar må sjåførane halde kontakt med oppdragsivarane sine, slik at kundane kan varslast om forseinkingane.

Oppfølging for logistikkoperatørar

Logistikkoperatørar må sikre at dei plukkar riktig ordre, og dei må emballere varene slik at dei førebyggjer transportskade. Dei må fylle ut eit fraktbrev med riktig mottakaradresse slik at vara kjem fram til avtalt tid og stad. Dei må òg overføre sporingsinformasjon om vara til kunden, eller avtale med godstransportøren at han skal sørgje for det. Ved nettsal må dei òg leggje ved eit opplysingsskjema om angrerett saman med pakksetel som viser kva kvar sending inneheld. I tillegg må dei følgje opp returar frå kundar som har nytta angreretten.

Læringsressursar

Kvalitetskrav

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Vurderingsressurs