Hopp til innhald

  1. Home
  2. Transport og logistikkChevronRight
  3. BransjelæreChevronRight
  4. KundeserviceChevronRight
  5. Persontransport med uventa hendingarChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Persontransport med uventa hendingar

Mykje kan skje under transporten som fører til avvik frå tidstabellen. Profesjonelle yrkessjåførar må også kunne utføre nødvendig kundebehandling når uventa situasjonar melder seg. Her skal vi sjå nærare på kundebehandlingsreglar når det skjer avvik.

Veisperring med skiltet veien er stengt. foto.

Forseinkingar

Forseinkingar kan lett oppstå under transport som følgje av forhold som ligg utanfor yrkessjåførens kontroll.

Døme på slike hendingar

  • stengde vegar som følgje av fare for ras
  • stengde fjellovergangar som følgje av stort snøfall
  • stengde brusamband som følgje av sterk vind
  • avlyste ferjeavgangar som følgje av uvêr
  • stengde vegar som følgje av trafikkulykker
  • køkøyring som følgje av sprengd vegkapasitet

I alle slike situasjonar er informasjon den viktigaste tilleggstenesta ein sjåfør kan gi.

Ved stengde fjellovergangar vinterstid praktiserer busselskapa ulike rutinar for korleis dei følgjer opp passasjerane. I utgangspunktet har ikkje transportselskapet ansvar for meirkostnader passasjerane har til mat og overnatting. Somme transportselskap dekkjer likevel slike utgifter for å få fornøgde passasjerar.

Andre hendingar

Bussbrannar, trafikkulykker, evakuering frå tunnel og motorstopp er andre hendingar som ein bussjåfør må vere førebudd på.

Akutt sjukdom

Det kan også oppstå akutte sjukdomsanfall under transport.

Sjekkliste ved akutt sjukdom::

Sjukdom

Symptom

Tiltak

Hjerneslag

Pasienten er bevisstlaus, har talevanskar og lammingar, raud ansiktsfarge og snorkande andedrag

Legg pasienten i sideleie, sikre frie luftvegar, ring 113

Hjarteinfarkt

Pasienten har sterke, vedvarande
brystsmerter og eventuelt utstråling til hals, skulder eller venstre arm. Han/ho er kortpusta og har kjensla av å bli kvelt, blir kvalm og brekkjer seg. Pulsen er rask og uregelmessig. Sirkulasjons-forstyrringar kan føre til bevisstløyse og sirkulasjonsstans

Pasienten skal ha ro. Legg pasienten i sideleie om han/ho er bevisstlaus. Utfør HLR (hjarte–lunge- redning) ved andedragsstans og hjartestans, ring 113

Epilepsianfall

Pasienten er bevisstlaus og
har krampe-trekkingar i nokre minutt.

Sikre frie luftvegar,
la personen få kvile, ring 113 ved anfall over ti minutt

Føling eller
insulinsjokk

Pasienten er skjelven og rotete, han/ho kan verke rusa

Gi pasienten noko søtt. Om dette ikkje er mogleg, ring 113

Diabeteskoma

Pasienten er tørst, slapp, døsig – av og til bevisstlaus. Han/ho har magesmerter, djupt andedrag med lukt av aceton (naglelakkfjernar)

Ring 113

Lenkje til artikkelen "Førstehjelp" på ndla.no.

Læringsressursar

Kundeservice