Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. SikkerheitChevronRight
  4. Rutinar ved dødsfallChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Rutinar ved dødsfall

Her skal vi seie litt om korleis vi bør oppføre oss når nokon døyr. Vi skal også ta for oss emosjonell førstehjelp.

En begravelsesbil kjører på veien. Foto.

Død

Dessverre er det slik at vi kan oppleve dødsfall i reiselivsbransjen. Det kan vere tragiske ulykker eller akutt sjukdom. Nokre gonger er vi til stades og utfører livreddande førstehjelp, andre gonger finn vi personar omkomne, til dømes på hotellrom.

I slike situasjonar er det viktig å ha gode, innarbeidde rutinar for korleis vi skal opptre. Nasjonale krav kan også vere førande for kva vi skal gjere.

Her er nokre tips til eit utkast til instruks for korleis vi skal opptre ved dødsfall:

  • Varsle politi og ambulanse, og leiinga på staden.
  • Steng av staden der dødsfallet skjedde. Sørg for at ingen får kome til før politiet har gitt løyve til det.
  • Be politiet om å ta vare på eigedelane til avdøde.
  • Vis alle spørsmål vidare til politiet, eventuelt til leiar eller til tryggleiksansvarleg.
  • Personar som finn døde personar, bør få tilbod om krisehjelp.
  • Avdøde har ofte pårørande i nærleiken. Vis respekt for den avdøde og omtanke for dei pårørande.
  • Det er styresmaktene som varslar pårørande.
  • Hugs at vi har teieplikt om den avdøde.

Emosjonell førstehjelp

Stress og redsle er ikkje positivt for pasienten. Skadde personar eller akutt sjuke personar føler seg ofte redde og åleine og ute av stand til å ta vare på seg sjølve. Snakk med personen, ikkje til personen.

Ta gjerne fysisk kontakt, hald til dømes pasienten i handa. Sjå korleis pasienten reagerer på det. Lytt til pasienten og aksepter at det kan komme utbrot som kan verke lite rasjonelle. At vi er der for pasienten, kan betre sjukdomstilstanden hans eller hennar.

Det same gjeld for menneske som er blitt utsette for alvorlege psykiske stressbelastningar. Dei har ofte behov for ekstra omsorg og støtte. Dersom dette ikkje blir teke tilstrekkeleg på alvor, kan dei få psykiske plager og oppleve å bli utbrende.

Krise

Det kan oppstå kriser når menneske kjem i situasjonar der deira eigne erfaringar og eigen kompetanse ikkje er nok for å meistre situasjonen.

I akutte ekstreme situasjonar, som til dømes ved ein hotellbrann, opplever dei tilsette at kroppen produserer adrenalin. Dette er noko kroppen gjer for å hjelpe oss til å angripe eller flykte. Adrenalinet skjerpar sansane våre og gir oss kortvarig større styrke. Urinstinktet til mennesket seier at vi må flykte eller angripe. Intellektet vårt gjer – saman med opplæring og øving – at vi som oftast reagerer som ønskt i slike krisetilfelle.

Ei krise kan delast inn i fire fasar:

  • sjokkfasen
  • reaksjonsfasen
  • omarbeidingsfasen
  • nyorienteringsfasen

Læringsressursar

Sikkerheit

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Derfor er førstehjelp viktig

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Undersøking

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Framandlekamar i luftvegane

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Akutte sjukdommar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Forgiftingar

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Emosjonell førstehjelp

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Konsekvensar av brann

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Meir om sløkkemiddel

    Tilleggsstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter