Hopp til innhald

  1. Home
  2. ReiselivChevronRight
  3. Turistattraksjonar og guidingChevronRight
  4. NaturlandskapChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Naturlandskap

Vi snakkar ofte om naturlandskap som «urørt natur», sjølv om det er svært sjeldan at naturen ikkje er påverka av menneske.

Utkikkplatå ved vegen Trollstigen. Foto.

Skapt av naturen sjølv

Naturlandskap er det motsette av kulturlandskap. Naturlandskap er ikkje påverka av menneske. Sjølv om desse to motsetningane høyrest openberre og enkle ut, er det ikkje alltid like lett å trekkje grensene i praksis.

Større landskap som er totalt urørt av menneskeleg aktivitet, er svært sjeldne fenomen. Likevel er omgrepet «urørt natur» ein gjengangar i norsk språk, også i marknadsføringa til reiselivet. Noreg er eit land med store areal i forhold til folketalet. Dei areala som har vore aktivt busette, er oftast land- og skogbruksareal der aktiv og berekraftig bruk av naturressursane gir mange turistar ei oppleving av nærleik til naturen.

Norsk fjellandskap med bru over eit lite tjern. Foto.
Urørt natur eller kulturlandskap?

Vi bruker vanlegvis nemninga naturlandskap om område der naturlege økosystem dominerer, og kulturlandskap om område der økosystema er vesentleg endra og menneskelege innslag er godt synlege.

Bruk og vern

Dei norske nasjonalparkane er viktige døme på at både naturlandskap og kulturlandskap kan vere viktige reisemål. Når stadig fleire gjester frå heile verda vel hurtigruta for å oppleve den langstrakte kysten vår, er det også ein slik kombinasjon av natur- og menneskeskapte attraksjonar. Eit viktig prinsipp i norsk naturforvaltning er «bruk og vern». Gjennom ansvarleg, berekraftig og omsynsfull bruk får alle sin del i naturopplevingane. Slik lærer også nye generasjonar å ta vare på sårbar natur.

Den Norske Turistforening har sidan 1868 lagt til rette for berekraftig turisme i norske fjell. På dei guida turane deira blir både historie og omsynsfull åtferd formidla.

Læringsressursar

Turistattraksjonar og guiding

Kva er kjernestoff og tilleggsstoff?
SubjectEmne

Fagstoff

  • SubjectMaterialFagstoff

    Formidling

  • SubjectMaterialFagstoff

    Munnleg formidling – stemme

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Munnleg formidling – pust og kroppsspråk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Guiderolla – før oppdrag

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Mikrofonbruk

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    I bussen

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Når bussen stoppar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    Vandring

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
  • SubjectMaterialFagstoff

    På museum og andre samlingar

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff
SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter

  • TasksAndActivitiesOppgaver og aktiviteter

    Kjenner du turistattraksjonane i Noreg?

    Tilleggsstoff er fagstoff
    AdditionalTilleggstoff