Hopp til innhald

  1. Home
  2. Matematikk for samfunnsfagChevronRight
  3. FunksjonarChevronRight
  4. Funksjonar, innleiingChevronRight
  5. Grafteikning med digitale verktøyChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Grafteikning med digitale verktøy

Vi har nokre val når vi skal teikne funksjonar med GeoGebra.

I Geogebra kan vi teikne funksjonar ved å skrive funksjonsuttrykket rett inn i inntastingsfeltet. Dersom vi ønsker å avgrense området grafen skal teiknast i, kan vi bruke kommandoen «Funksjon[<Funksjon>, <Start>, <Slutt>]». Dersom vi skriv St=Funksjon[160t,0,100] i inntastingsfeltet, får vi også spesifisert at funksjonen skal ha namnet S.

Bruk knappen «Flytt grafikkfeltet» for å plassere koordinatsystemet i ønska posisjon og dra i koordinataksane for å få ønska avstandar.

Frå algebrafeltet kan du «dra» funksjonsuttrykket over til grafikkfeltet.

Skjermbilde, tegne grafer i GeoGebra. Bilde.
Skjermbilde, innstillinger i GeoGebra. Bilde.

Høgreklikk på ein ledig plass i grafikkfeltet og vel «Grafikkfelt...» for å gi opp «Namn» på aksane. Her kan du óg setje «Avstand» på aksane om du ikkje er nøgd med automatikken.

Vi kan finne talet på sprungne meter etter til dømes 10 minutt og 50 minutt, både grafisk og ved rekning.

Grafisk skriv vi 10, S(10) og får punktet
A=10, 1600
som viser at talet på sprungne meter etter 10 minutt er 1600.

Ved rekning bruker vi CAS og får til dømes
S(50)=8000 som viser at talet på sprungne meter etter 50 minutt er 8000.

Læringsressursar

Funksjonar, innleiing

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter