Eit koordinatsystem består av to rette linjer, også kalla aksar, som står vinkelrett på kvarandre i eit plan (som til dømes eit ark).

Det er vanleg å kalle dei to linjene (aksane) for -aksen og -aksen. Eit anna vanleg namn på -aksen er førsteaksen. -aksen kallar vi også for andreaksen.
Vi set av ei tallinje langs kvar av dei to aksane. Skjeringspunktet mellom aksane kallar vi origo.
Kvart punkt i planet har si eiga adresse eller sine egne koordinatar. Punktet har til dømes koordinatane . Førstekoordinaten, eller -koordinaten, som her er , fortel kor vi treffer -aksen dersom vi trekkjer ei linje frå punktet vinkelrett på denne aksen. Vi hamnar i .
Andrekoordinaten, eller -koordinaten, som her er , fortel kor vi treffer -aksen dersom vi trekkjer ei linje vinkelrett på denne aksen. Vi hamnar i .
Sjekk om det same gjeld for dei andre punkta som er markerte.
I det interaktive GeoGebraarket nedanfor kan du teste deg sjølv ved å dra punkta på rett stad.
Bruk av koordinatsystemet
Koordinatsystemet kan blant anna brukast til å gi eit «bilde» av samanhengar mellom storleikar, ei grafisk framstilling.
Hanne arbeider deltid som telefonseljar og har ei timelønn på 125 kroner. Lønna avheng av kor mange timar ho arbeider.
Arbeider ho 10 timar, vil lønna vere 1250 kroner. Arbeider ho 5 timar, vil lønna vere 625 kroner osb.
Vi kan rekne ut fleire lønnsverdiar og samle resultata i ein tabell
Talet på arbeidstimar | 2 | 5 | 8 | 11 | 14 | 20 | 26 | 32 |
---|---|---|---|---|---|---|---|---|
Lønn (kroner) | 250 | 625 | 1000 | 1375 | 1750 | 2500 | 3250 | 4000 |
Tabellen viser nokre resultat, men vi kan få ei mye betre oversikt over samanhengen mellom talet på timar og lønn ved å lage ei grafisk framstilling i eit koordinatsystem.
Av tabellen ser vi at 8 timers arbeid gir ei lønn på 1000 kroner. Vi illustrerer denne samanhengen ved å plotte punktet i koordinatsystemet. Når vi går frå punktet og «vinkelrett» ned på -aksen, kjem vi til talet 8, som viser at talet på arbeidstimar er 8. Når vi går frå punktet og «vinkelrett» bort på -aksen, kjem vi til talet 1000, som viser at lønna er 1000 kroner når talet på arbeidstimar er 8.

Vi gjer tilsvarande med dei andre lønnsverdiane frå tabellen, og alle punkta blir til den blå linja som «biletleg», eller grafisk, viser samanhengen mellom talet på arbeidstimar og lønn.
Vi kan til dømes starte i talet 12 på -aksen, gå «vinkelrett» opp frå -aksen til vi treffer den blå linja, gå derfrå «vinkelrett» bort på -aksen og komme til talet 1500. Det viser at lønna er 1500 kroner når talet på arbeistimar er 12.
Motsett kan vi til dømes starte i talet 2500 på -aksen, gå «vinkelrett» ut frå -aksen til vi treffer den blå linja, gå «vinkelrett» ned på -aksen og kommet til talet 20 på -aksen. Det viser at når lønna er 2500 kroner, er talet på arbeidstimar 20.
Læringsressursar
Talrekning
Læringssti
Reknerekkjefølgje
KjernestoffOverslagsrekning og hovudrekning
KjernestoffKoordinatsystemet
KjernestoffForhold
KjernestoffProporsjonalitet
KjernestoffOmvendt proporsjonalitet
KjernestoffTalmengder og talintervall
KjernestoffRekning
KjernestoffBrøkrekning
Kjernestoff
Fagstoff
Reknerekkjefølje
KjernestoffOverslagsrekning og hovudrekning
KjernestoffKhan Academy – overslagsrekning
KjernestoffBrøkrekning
Kjernestoff- Kjernestoff
KoordinatsystemetDu er her
Forhold
KjernestoffProporsjonalitet
KjernestoffOmvendt proporsjonalitet
KjernestoffTal og talmengder
KjernestoffRasjonale tal, reelle tal og talintervall
KjernestoffRekningsartar
KjernestoffÅ rekne med negative tal
KjernestoffAddisjon og subtraksjon av brøkar
KjernestoffMultiplikasjon og divisjon med brøkar
KjernestoffBroten brøk
Kjernestoff
Oppgaver og aktiviteter
Reknerekkjefølja
KjernestoffOverslagsrekning og hovudrekning
KjernestoffBrøkrekning
KjernestoffMeir om reknerekkjeføljen
KjernestoffSet punkt på rett stad i eit koordinatsystem
KjernestoffKoordinatsystemet
KjernestoffForhold
KjernestoffProporsjonalitet
KjernestoffOmvendt proporsjonalitet
Kjernestoffkva kan du om reknerekkjefølgja?
KjernestoffKva kan du om brøkrekning?
KjernestoffKva kan du om koordinatsystemet?
KjernestoffKva kan du om forhold mellom tal?
KjernestoffKva kan du om proporsjonalitet?
KjernestoffKva kan du om omvendt proporsjonalitet?
KjernestoffKhan Academy – reknerekkjefølgja
KjernestoffKhan Academy – koordinatsystemet
KjernestoffKhan Academy – forholdsrekning
KjernestoffKhan Academy - proporsjonalitet
KjernestoffTal og talmengder
KjernestoffRekningsartar
KjernestoffÅ rekne med negative tal
KjernestoffAddisjon og subtraksjon av brøkar
KjernestoffMultiplikasjon og divisjon med brøkar
KjernestoffBroten brøk
KjernestoffKva kan du om talrekning?
Kjernestoff