Hopp til innhald

  1. Home
  2. Teknikk og industriell produksjonChevronRight
  3. Helse, miljø og tryggleikChevronRight
  4. TryggleikChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagartikkel

Arbeidsvitreglar

Helse, miljø og tryggleik (HMT) er likeverdig med andre forretningsmål.

Mange tannhjul med ulike symboler. Illustrasjon.

God leiing er å setje standarden

  • Helse, miljø og tryggleik (HMT) er likeverdig med andre forretningsmål.
  • Kartlegg, reduser og gjer kjent risikoforhold og helsefarer.
  • Innarbeid respekt for reglar og rutinar.
  • Legg til rette arbeidet, og vel byggjevennlege løysingar.
  • Sørg for riktige hjelpemiddel for lyfting og transport.
  • Sørg for tilgang til funksjonelt verne- og tryggingsutstyr.
  • Lytt til og vis respekt for medarbeidarane dine.

Eiga helse er eige ansvar

  • Lær riktig arbeidsteknikk.
  • Førebygg belastningsskade − følg signala frå kroppen, og varier arbeidsstilling ofte.
  • Brukstilvisingar for kjemikalium skal følgjast.
  • Ikkje mobb kameraten min! Trivsel på arbeidsplassen fremjar god helse.
  • Lær førstehjelp − du kan fort få bruk for det!
  • Bruk personleg verneutstyr.

Ta vare på miljøet

  • Ta vare på miljøet − tenk på etterkommarane dine.
  • Unngå sløsing og søl med olje, gass, straum og vatn.
  • Støy minst mogleg.
  • Reduser avfallsmengda − sorter for gjenvinning.
  • Lever spesialavfall til godkjent mottak.

Ikkje ta unødvendige sjansar − nokon er glad i deg

  • Tryggleiken din kjem før produksjonsomsyn.
  • Bruk nødvendig personleg verneutstyr.
  • Respekter kjemikalium, olje, gass, trykkluft og elektrisitet.
  • Bruk trygge understøttingar, og gå ikkje under hengande last.
  • Stillas skal ha sertifikat. Stigar skal vere typegodkjende og sikra mot fall.
  • Drøft problem med føresette eller verneombod.

Ta ansvar og bry deg om tryggleik!

  • Bidra til at vedtekne retningslinjer blir gjennomførte og etterlevde.
  • Bidra til at arbeidsplassen er forsvarleg sikra.
  • Orienter deg om plassering av redningsutstyr og rømmingsvegar.
  • Hald rømmingsvegar opne − det er ein tryggleik i alvorlege situasjonar.
  • Unngå brannfarlege situasjonar.
  • Rydd litt meir enn du rotar.
  • Aksjoner med ein gong − og rapporter uønskte forhold.

Læringsressursar

Tryggleik

SubjectEmne

Fagstoff

SubjectEmne

Oppgaver og aktiviteter