Hopp til innhald

  1. Home
  2. Helse- og oppvekstfag Vg1ChevronRight
  3. Samisk kulturChevronRight
SubjectMaterialFagstoff

Fagstoff

Samisk kultur

Samisk kultur er ein del av den norske kulturen, men han er òg ein eigen, mangfaldig kultur. Samane er éin av fleire minoritetar i Noreg, men dei står i ei særstilling ettersom dei utgjer urfolket i Noreg.

Samisk kvinne ber eit lite barn. Begge har på seg tradisjonelle samiske klede. Foto.

Minoritet

Grupper som er i fleirtal, kallar vi gjerne majoritetar. Grupper som er i mindretal i eit samfunn, kallar vi minoritetar. Minoritetane blir ofte delte inn i to grupper:

  • etniske minoritetar
  • religiøse minoritetar

Urfolk

Samane er ei gruppe urfolk som har hatt tilknyting til Noreg lenge før den norske staten blei oppretta. Dei står derfor i ei særstilling som minoritetsgruppe, og dei har rettar som andre grupper i Noreg ikkje har. Dette gjeld mellom anna:

  • rett til opplæring på eige språk
  • eige parlament (Sametinget)
  • radio- og fjernsynsstasjon med eigne sendingar
  • eigne samiske skolar og samisk høgskole.

Slik har det ikkje alltid vore. I lange periodar har det samiske folket vore utsett for undertrykking, mishandling og forsøk på fornorsking. På femtitalet blei samiske barn plasserte på internatskolar der det ikkje var lov å snakke anna enn norsk. I denne perioden var det mange samar som ikkje lærte samisk skikkeleg.

Samisk kultur

Når vi snakkar om samisk kultur, tenkjer vi ofte på den tradisjonelle kulturen med:

  • reindrift
  • samisk språk og joik
  • samiske klede og sko
  • duodji, samisk brukskunst
  • samisk mat
  • Sametinget
  • den samiske nasjonaldagen (6. februar) og det samiske flagget

Kor stor tilknyting samar i dag har til punkta over, vil variere mykje. For eksempel vil pizza vere vanlegare mat enn den tradisjonelle samiske maten for ein god del samar.

Fagarbeidar

Som fagarbeidar i oppvekst-, helse- og sosialsektorane vil du ha behov for kunnskap om samisk kultur dersom du arbeider i samiske bosettingsområde eller møter samiske brukarar der du jobbar. Som barne- og ungdomsarbeidar skal du medverke til at barn og unge får kunnskap om samisk kultur.

Utfordringar til deg

  1. Lag ein plakat som skildrar samisk kultur.
  2. Sjå filmen Samisk barneoppdragelse over.
    Kva for sider av den samiske kulturen blir skildra i denne filmen?
    Korleis trur du opplevingane barna får, påverkar oppveksten deira?
  3. Fordjupingsoppgåve: Les meir om urfolk og samisk kultur på samfunnsfagsidene.